Fet og Joranger
61°22′N 7°15′E / 61.367°N 7.250°E Fet og Joranger er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Området ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane og dekkjer Indre Hafslo. Soknet har to kyrkjer, Fet kyrkje frå 1884 og Joranger kyrkje frå 1600-talet. Begge stadene har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Tidlegare var Fet og Joranger to sjølvstendige sokn i Hafslo prestegjeld, men i 1967 vart dei overførde til Jostedal prestegjeld og slegne saman til eitt sokn.[1]