Hafslo

bygd/tettstad i Luster kommune
(Omdirigert frå Hafslo prestegjeld)

Hafslo er ei jordbruksbygd og ein tettstad i Luster kommune. Den av Statistisk Sentralbyrå definerte tettstaden Hafslo ligg langs Riksveg 55 på nordaustsida av Hafslovatnet og har 1 129 innbyggjarar per 1. januar 2023, medan bygda Hafslo har ei vidare utstrekking. Hafslo var òg fram til 1963 eigen kommune. Bygda grensar til Sogndal kommune, med ein avstand til bygdebyen Sogndal på halvanna mil. Landskapet er mildt og ber preg av breerosjon med eit stort brevatn, Hafslovatnet, som breen har grave ut. Mange brearmar av Jostedalsbreen, med Austerdalsbreen på Veitastrond som den mest kjende, gir godt smeltevatntilsig via Veitastrondsvatnet i sommarhalvåret. I dag renn vatnet ut i den kjende lakseførande Årøyelva i Sogndal kommune, men har i tidlegare tider hatt utløpet sitt i Solvorn.

Hafslo
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Areal 1,04 km²
Folketal 1 129  (2023)
Folketettleik 1 086 / km²
Postnummer 6869 HAFSLO
Innbyggjarnamn Hafslobygding
Preposisjon Hafslo
Ferdselsårer Hafslo
Kart
Hafslo
61°18′39″N 7°11′08″E / 61.310833333333°N 7.1855555555556°E / 61.310833333333; 7.1855555555556
Wikimedia Commons: Hafslo
Hafslo
Hafslo og Hafslovatnet

Bygda har hatt den største folkeauken i kommunen. Kraftkommunen har full barnehagedekning og ein desentralisert godt utbygd skulestruktur. Sogn skisenter på Heggmyrane er eit viktig aktivitetstilbod i bygda.

Språkforskaren Sylfest Lomheim kjem herfrå.

Hafslo sokn og prestegjeld

endre

Hafslo er òg namn på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. og det var fram til 2004 namnet på eit prestegjeld. Hafslo prestgjeld omfatta i tillegg til Hafslo sokn òg Solvorn sokn. Det ligg tre kyrkjer og eit kapell i det tidlegare prestgjeldet, den mest kjende av dei er Urnes stavkyrkje som står på verdsarvlista til UNESCO og er eigd av Fortidsminneforeninga. Dei andre kyrkjene er Hafslo kyrkje som står på nordsida av Hafslovatnet og er frå 1878, Solvorn kyrkje som står i Solvorn ved Lustrafjorden og er frå 1883 og Veitastrond kapell som vart vigsla i 1935. Med unntak av Veitastrond har alle kyrkjestadane hatt kyrkje frå attende i mellomalderen. Fram til 1967 høyrde òg sokna Fet og Joranger til Hafslo prestegjeld, men då vart dei overførte til Jostedal prestegjeld og slegne saman til eitt sokn, Fet og Joranger sokn.[1]

Hafslo kommune

endre

Hafslo vart skipa som formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen femnde då Ytre Kroken, Ornes og Kinsedal på austsida av Lustrafjorden og Solvorn, Ytre Hafslo, Veitastrond, Indre Hafslo (Molland, Fet, Joranger og Marifjøra) og Eikum vestom Lustrafjorden.[2] Hafslo kommune hadde denne utstrekkinga fram til kommunesamanslåinga i 1963 då Hafslo, Jostedal og Luster kommune vart slegne saman til den nye storkommmunen Luster kommune. Ved samanslåinga budde det 2384 personar i Hafslo kommune.[3]

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for tidlegare Hafslo kommune frå 1920 til 1963:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1963[3]
2862 2813 2872 2776 2457 2384

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  2. «Kommunehistoria i Luster» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  3. 3,0 3,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Hafslo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

endre