Filmen Annette
Annette er ein film frå 2021 regissert av Leos Carax, den første filmen hans på engelsk. Manuset og musikken var skriven av Ron Mael og Russell Mael frå rockegruppa Sparks, og dei skreiv tekstane i lag med Carax. Filmen, som er skildra som ein rockeopera, følgjer ein standupkomikar (Adam Driver) og kona hans som er operasongar (Marion Cotillard) og korleis livar deira endrar seg når dei får det første barnet sitt. Simon Helberg og Devyn McDowell har òg roller i filmen.
Regi | Leos Carax | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Charles Gillibert | ||
Manus | Russell Mael, Leos Carax, Ron Mael | ||
Medverkande | Adam Driver, Marion Cotillard, Simon Helberg, Rebecca Dyson-Smith, Rila Fukushima, Leos Carax, Kait Tenison, Nino Porzio, Natalia Lafourcade, Angèle | ||
Klipp | Nelly Quettier | ||
Musikk | Ron Mael, Russell Mael | ||
Sjeffotograf | Caroline Champetier | ||
Produksjonsselskap | CG Cinema, Arte France Cinéma | ||
Distributør | Mozinet | ||
Utgjevingsdato | 2021, 30. desember 2021 (Ungarn) | ||
Lengd | 139 minutt | ||
Opphavsland | Frankrike, Tyskland, Belgia, Mexico, Japan | ||
Språk | engelsk | ||
Sjanger | filmmusikal |
Annette hadde premiere på filmfestivalen i Cannes den 6. juli 2021,[1] der Carax mottok prisen for beste regissør. Filmen har fått positive meldingar frå kritikarar.
Plot
endreEtter eit raskt frieri, erklærer den provoserande standup-komikaren Henry McHenry offentleg trulovinga si med den verdskjente sopranen Ann Desfranoux. Kort tid etter føder Ann dottera deira Annette, framstilt av ei marionettdokke i tre. Ekteskapet blir humpete når Henry byrjar å ta vare på Annette medan karrieren til Ann blømer og tar henne utanlands.
Seinare har Ann draumar om seks kvinner som kjem fram med tiltalar om tidlegare overgrep frå Henry og mareritt om at Henry nesten drep henne. Heime byrjar Henry sin karriere å gå utanfor, forverra av eit samanbrot på scena, og han kjem til å mislika suksessen til Ann. Dei to planlegg eit privat cruise med mål om å reparera forholdet deira. Likevel endar cruiset i katastrofe når Ann fell over bord i løpet av ei stormfull natt etter at ein rusa Henry tvingar henne til å danse vals med han. Etter å ha innsett at kona hans er død, kjem Henry til ei øy med Annette ved hjelp av ein livbåt. Der sovnar begge, då spøkelset til Ann plutseleg dukkar opp og gir stemma si til spedbarnet Annette som ei form for hemn slik at ho kan heimsøka Henry.
Sjølv om han er frikjent for juridisk mistanke om Ann sin død, er Henry i ein økonomisk blindveg utan inntekta hennar. Han kontaktar den tidlegare akkompagnatøren til Ann, avslører songstemma til Annette og foreslår at dei bruker gåva hennar til ei musikalsk framsyning. Akkompagnatøren er motvillig samd, etter å ha vore forelska i Ann og medan dei turnerer blir Baby Annette ein verdsomspennande hit. Henry fortset å drikka mykje og halda seg ute seint, heimsøkt av minnet om Ann. Ei natt, då han kjem heim, overhøyrer Henry Annette synga ei attgjeving av «We Love Each Other So Much», som var songen til Ann og Henry. Han konfronterer akkompagnatøren, som indikerer at han er den verkelege faren til Annette. Som gjengjeld druknar Henry han i bassenget i bakgarden, noko Annette er vitne til frå soveromsvindauget sitt. Henry planlegg ein siste opptreden i pauseshowet på «Hyperbowl», men Annette nektar å synga, og erklærer i staden «Daddy kills people» til det fullsette stadionet. Henry blir stilt for retten og dømt.
Nokre år seinare besøker Annette faren i fengselet. Annette, plutseleg portrettert av ei levande menneskejente, nektar for forsøket hans på forsoning og skuldar til og med mora for å ha brukt henne for å hemna seg. Ho fortel han at han no «ikkje har noko å elska». Etter at den levande Annette drar, ligg Annette-dokka livlaus på golvet.
Roller
endre- Adam Driver som Henry McHenry
- Marion Cotillard som Ann Defrasnoux
- Catherine Trottmann som sopranrøysta til Ann
- Simon Helberg som The Accompanist
- Devyn McDowell som Annette
- Hebe Griffiths som syngerøysta til Annette
- Angèle, Kiko Mizuhara, Julia Bullock, Claron McFadden, Noémie Schellens and Natalie Mendoza som The Six Accuser Chorus
- Natalia Lafourcade som LAPD-politimenn
- Kanji Furutachi som lækje
- Rila Fukushima, Eva Van Der Gucht og Laura Jansen som sjukesystrer
- Rebecca Sjöwall som Connie O'Connor
- Nino Porzio som Sheriff Garoni
- Davide Jakubowski som Sheriff Humprey
- Wim Opbrouck som Baby Annette-annonsør
- Colin Lainchbury-Brown som Hyperbowl-annonsør
- Geoffrey Carey som Ape of God-annonsør
- Yasin Islek som Dubai-songar
- Russell Mael som Russell Mael/flypilot
- Ron Mael som Ron Mael/flypilot
- Leos Carax som Leos Carax
- Nastya Carax som Nastya
- Rebecca Dyson-Smith og Graciela María som fotografar
Musikk
endreAnnette Filmmusikkalbum av Sparks | ||
Utgjeve | 2. juli 2021 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 40:52 (Cannes-utgåva) | |
Selskap | Sony | |
Komponist | Ron Mael, Russell Mael | |
Produsent | ||
Sparks-kronologi | ||
---|---|---|
A Steady Drip, Drip, Drip (2020) |
Annette |
|
Singlar frå Annette (Cannes Edition – Selections from the Motion Picture Soundtrack) | ||
|
Den første songen frå filmmusikken, «So May We Start», kom ut på singel den 28. mai 2021.[4]
Dei fleste filmstjernene gjer si eiga synging.[5] Cotillard har sunge i tidlegare filmroller og har hatt ein musikkarriere utanom filmkarrieren, og Driver har òg sunge i tidlegare filmar.
Ein ny singel, «We Love Each Other So Much», kom ut via strøyming den 25. juni 2021. Filmmusikkalbumet Annette (Cannes Edition - Selections from the Motion Picture Soundtrack) kom ut på CD og vinyl på MasterWorks / Milan via Sony Music: det består av 15 spor. Unlimited Edition: The Original Movie Soundtrack kom ut digitalt og som ein dobbel-CD kort tid etter og inneheld bokstavleg talt all musikk frå filmen i tillegg til demoar.
Filmen brukar i tillegg element frå tidlegare Sparks-spor, inkludert «Rock, Rock, Rock», «Thanks But No Thanks», «Bon Voyage» og «The Calm Before the Storm».
Alle songar er skrivne av Sparks og Leos Carax.
Nr. | Tittel | Artist(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «So May We Start» | 3:44 | |
2. | «True Love Always Finds a Way» |
| 1:25 |
3. | «We Love Each Other So Much» |
| 3:32 |
4. | «I'm an Accompanist» | Helberg | 1:24 |
5. | «Aria (The Forest)» |
| 3:17 |
6. | «She's Out of This World!» |
| 2:23 |
7. | «Six Women Have Come Forward» |
| 2:03 |
8. | «You Used to Laugh» |
| 2:13 |
9. | «Girl from the Middle of Nowhere» | Cotillard | 2:57 |
10. | «Let's Waltz in the Storm!» |
| 3:33 |
11. | «We've Washed Ashore / Baby Aria (The Moon) / I Will Haunt You, Henry» |
| 4:49 |
12. | «Premiere Performance of Baby Annette» |
| 2:13 |
13. | «All the Girls» | Driver | 1:19 |
14. | «Stepping Back in Time» |
| 2:04 |
15. | «Sympathy for the Abyss» |
| 3:51 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «So May We Start» | 3:53 |
2. | «True Love Always Finds a Way» | 1:24 |
3. | «How 'bout a Smile, Ann?» | 0:43 |
4. | «We Love Each Other So Much» | 3:39 |
5. | «Show Biz News (Tied the Knot)» | 0:20 |
6. | «I'm an Accompanist» | 1:24 |
7. | «Forest Intro / Aria (The Forest)» | 3:39 |
8. | «Finale» | 1:30 |
9. | «Show Biz News (New Born Girl)» | 0:22 |
10. | «She's Out of This World!» | 2:22 |
11. | «Calm Before the Opera» | 1:24 |
12. | «Six Women Have Come Forward» (film version) | 2:14 |
13. | «You Used to Laugh» | 2:13 |
14. | «Girl from the Middle of Nowhere» | 3:04 |
15. | «Lalalala» | 1:21 |
16. | «My Star's in Decline» | 0:33 |
17. | «Show Biz News (Respective Success)» | 0:32 |
18. | «Lullaby for Annette» | 2:30 |
19. | «Let's Waltz in the Storm!» | 3:32 |
20. | «We've Washed Ashore» | 1:43 |
21. | «Baby Aria (The Moon)» | 1:11 |
22. | «I Will Haunt You, Henry» | 1:53 |
23. | «We Are the Police» | 1:22 |
24. | «I'm a Good Father» | 1:50 |
25. | «Baby Aria (She's a Miracle)» | 1:12 |
26. | «The Conductor» | 2:49 |
27. | «Something That Will Blow Your Mind / Baby Aria (Can You Explain It?) / It's Not Really Exploitation» | 3:03 |
28. | «Every Night the Same Dream» | 2:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Premiere Performance of Baby Annette» | 2:13 |
2. | «Baby Aria (First Performance)» | 2:14 |
3. | «We Love Annette!» | 2:01 |
4. | «We Love Each Other So Much (Lullaby)» | 1:56 |
5. | «All the Girls» | 1:18 |
6. | «So Glad to Be Back at Home / We Love Each Other So Much (Annette) / You Had No Right!» | 3:35 |
7. | «Murder of a Conductor» | 3:04 |
8. | «Show Biz News (Never Again)» | 0:35 |
9. | «Hyper Bowl» | 4:08 |
10. | «True Love Always Finds a Way (Reprise)» | 0:47 |
11. | «He Is a Murderer!» | 1:34 |
12. | «Stepping Back in Time» | 1:59 |
13. | «Courtroom Spirit» | 0:38 |
14. | «Abyss Intro» | 2:29 |
15. | «Sympathy for the Abyss» (film version) | 5:53 |
16. | «The Lamp» | 0:52 |
17. | «We Love Each Other So Much – End Theme» | 2:40 |
18. | «It's the End» | 2:31 |
19. | «Intro to Henry's Show (A)» | 1:25 |
20. | «The Zygomatic Rap» | 0:19 |
21. | «Laugh, Laugh, Laugh (A)» | 1:01 |
22. | «Ok, Ready, Laugh!» | 0:29 |
23. | «So Why Did I Become a Comedian?» | 0:34 |
24. | «So Why Did You Become a Comedian?» | 1:12 |
25. | «Introspective (A)» | 2:31 |
26. | «Opera Bows» | 0:52 |
27. | «Laugh, Laugh, Laugh (B)» | 1:20 |
28. | «Intro to Henry's Show (B)» | 0:57 |
29. | «Introspective (B)» | 1:44 |
30. | «We Love Each Other So Much» (first demo) | 3:08 |
31. | «Worth Her Weight in Gold» (demo) | 3:27 |
32. | «You Used to Laugh» (demo) | 2:56 |
33. | «This Is a Baby» | 1:22 |
34. | «Is She Legitimate?» (demo) | 1:33 |
35. | «Upstaged» (demo) | 2:36 |
Mottaking
endreNettsida Rotten Tomatoes har ei vurdering på 71% basert på 246 meldingar og ein gjennomsnittleg score på 6.70/10. Nettsida skreiv: «Ein draumande, delikat dans mellom farse og fantasi. Annette er ein flott, latterleg rockeopera med ei eksperimentell tilnærming til filmen sine emosjonelle ytterpunkt og er ein ambisiøs, om ikkje særeigen retur for regissør Leos Caraxtil.»[8] På Metacritic har filmen ein vekta score på 67 av 100, basert på 51 kritikarar, som indikerer «generelt positive meldingar».[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Annette (film)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Annette - Bande-annonce officielle - UGC Distribution». YouTube. Henta 19. april 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Shepherd, Fiona (2021). «Platemeldingar». The Scotsman.
- ↑ Webb, Beth (3. september 2021). «Annette review». NME.
- ↑ Bloom, Madison (28. mai 2021). «Listen to Sparks' New Song With Adam Driver and Marion Cotillard». Pitchfork (på engelsk). Henta 28. mai 2021.
- ↑ «Sparks fly as musical film 'Annette' geeks out Cannes». Agence France-Presse (på engelsk). 6. juli 2021. Henta 6. juli 2021.
- ↑ Annette (Cannes Edition – Selections from the Motion Picture Soundtrack) (liner notes). Sparks og Leos Carax. Sony Music Entertainment. 19439881912.
- ↑ 7,0 7,1 «Sparks: Filmmusik: Annette (O.S.T.) (Unlimited Edition)» (på tysk). jpc. Henta 23. oktober 2021.
- ↑ «Annette (2021)». Rotten Tomatoes (på engelsk). Henta 24. desember 2021.
- ↑ «Annette Reviews». Metacritic. Henta 3. mai 2022.