A Steady Drip, Drip, Drip
A Steady Drip, Drip, Drip Studioalbum av Sparks | ||
Utgjeve | 15. mai 2020 | |
Studio | Sparks (Los Angeles, California) | |
Sjanger | ||
Lengd | 54:26 | |
Selskap | BMG | |
Produsent | Ron Mael, Russell Mael | |
Sparks-kronologi | ||
---|---|---|
Hippopotamus (2017) |
A Steady Drip, Drip, Drip | Annette (2021)
|
Singlar frå A Steady Drip, Drip, Drip | ||
|
A Steady Drip, Drip, Drip er det 24. studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Sparks. Det vart spelt inn i pausar mellom filprosjejkta til Sparks, og er spelt som eit fullt rockeband i ei rekkje musikalske stilar. Albumet vart generelt kritikarrost for både tekstane og musikken..[3]
Albumet kom ut digitalt 15. mai 2020 på BMG Rights Management[3] og gjekk inn på den britiske iTunes-lista på åttandeplassen. Det gjekk òg inn på lista i USA, Tyskland, Frankrike og Canada - og nådde 13. plassen på den britiske Official Album Downloads Chart Top 100.[4][5]
Den fysiske utgjevinga av albumet vart utsett på grunn av covid-19-pandemien og kom først 3. juli 2020.[6] Det kom samstundeds med YouTube-premieren på ein musikkvideo av Cyriak Harris for songen «The Existential Threat»,[7][8] og den fysiske utgjevinga av A Steady Drip, Drip, Drip gjekk inn på sjuandeplassen på den britiske albumlista. Det vart den andre topp 10-plasseringa deira på rad og den fjerde totalt.[9] Albumet gjekk òg inn på Billboard 200-lista i USA for første gongen sidan In Outer Space i 1983.
Bakgrunn
endreEtter Hippopotamus i 2017 la Sparks ut på turné, og fortsette arbeidet som manusforfattarar og komponistar for den komande musikalen Annette med Adam Driver og deltok i ein dokumentarfilm om karrieren sin regissert av Edgar Wright.[10]
Mellom desse prosjekta var det tid til å skrive og spele inn A Steady Drip, Drip, Drip. Ron Mael sa i eit intervju: «Me hadde arbeidd så lenge på filmen Annette og det var ei tid då det var rolegare medan dei ordna forskjellige saker kring forretningssida av filmen. I staden for å berre sitje og vente, ønskte me å gå attende og spele inn individuelle songar. Materialet kom ganske lett denne gongen.»[10]
Stil
endreSom Hippopotamus, studioalbumet som kom før dette, er A Steady Drip, Drip, Drip spelt inn som eit rockeband.[11] Randall Roberts skildra det i Los Angeles Times som «moderne, elektronisk-driven kunst-pop»,[1] og reflekterer den tradisjonelle stilmessige variasjonen til Sparks med «pop, rock, New Wave, synth-pop, disco, dance, electro, orkestermusikk, opera»[12] med Russell Mael sin fleirspora vokal, akkompagnert av rocka gitarar og trommer.[13]
Russell Mael sa i The Quietus: «A Steady Drip, Drip, Drip er ein god introduksjon til Sparks [...] det er eit av dei albuma som er over heile kartet lydmessig og tekstmessig er det verkeleg òg kompromisslaust. Det er ikkje skremmande på nokon måte.»[14] Albumet vart kjent for sine mange førekomstar av ordet «fuck», noko som er noko uvanleg i katalogen til Sparks - Los Angeles Times siterte Ron Mael og sa: «Vi heldt ut i 23 album».[1][14][nb 1]
Tekstmessig blir innhaldet i songane skildra av David Cheal i Financial Times som «morosam, smart, bua, skeivt, tørt, vittig, smart, rart, og til tider faktisk ganske rørande».[13] Louder Than War-skribenten Tim Cooper samanlikna skrivinga til Ron Mael med den til Cole Porter eller Ivor Novello, «bruker vett i form av ordspel og metaforar, men likevel er emnet og uroa hans alltid moderne; aldri meir enn på 'iPhone', ein song viss refreng er noko me alle kan føla med: 'Legg frå deg den jævla iPhonen din og høyr på meg.'»[12]
Avslutningssporet til albumet «Please Don't Fuck Up My World» vart av Heather Phares i AllMusic skildra som ei «gripande økologisk bøn» som «klarer å bruka eit barnekor til ein ikkje-motbydeleg effekt», er òg uvanleg i musikken til Sparks for å ha ein openlyst politisk bodskap.[15][16] Ei rekke andre songtekstar, med frasar som «All interaction's now suspended» og «Threat outside, let me hide, just until the danger passes, then I'll go outside ... the Existential Threat is at your patio door and do not let it in», vart spelt inn før utbrotet av COVID-19-pandemien, og verka uhyggeleg føreseiande i ettertid.[10][1][14]
Utgjeving
endreOpphavleg var albumet planlagt utgjeve 15. mai 2020, men berre den digitale versjonen av albumet kom ut på den datoen, medan dei fysiske formata (vinyl, CD, farga vinyl) vart forseinka til 3. juli 2020, på grunn av COVID-19-pandemien.[6][17] Interessant nok krev vinylutgåva at lyttaren speler plata med 45 RPM sjølv om albumet er ei 12" dobbelplate. Samtidig med den fysiske utgivinga av albumet, hadde ein offisiell musikkvideo for songen «The Existential Threat» premiere på YouTube med animasjon laga av den engelske frilansanimatoren og komponisten Cyriak Harris.[7][8][18]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 82/100[3] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [15] |
American Songwriter | [20] |
Clash | 9/10[21] |
Exclaim! | 9/10[11] |
Financial Times | [13] |
The Irish Times | [22] |
musicOMH | [23] |
The Telegraph | [24] |
The Times | [2] |
Uncut | 9/10[25] |
A Steady Drip, Drip, Drip har ein poengsum på 82 av 100 på nettstaden Metacritic, basert på 16 meldingar, noko som indikerer «universell heider».[3] Mat Smith skreiv i magasinet Clash og karakteriserte det som «klassiske Spark-augneblinkar, fulle av komedie, smarte ordspel, behendige utforskingar av alle dei utalde problema i verda, med arrangement som høyrest like aktuelle og friske ut som ein doggvåt vårfryd.»[21] Lyd- og musikkpublikasjon MusicnGear uttalte at albumet «mogleg godt kunne tenna fantasien du hadde som barn; og minne deg om den fulle uhemma fridommen som kan komma med kreativitet.»[26]
Etter den digitale utgivinga kom albumet inn på den britiske iTunes-lista på åttandeplassen, og dessutan iTunes-listene i Frankrike, Canada, USA og Tyskland på høvesvis nummer 19, 32, 44 og 47.[4] Ho kom inn på UK Official Album Downloads Chart Top 100 på nummer 13,[5] og gjekk deretter inn på britisk topp 10 på sjuandeplassen då dei fysiske formata vart utgjevne i juli 2020, og gjentok dermed plasseringa til forgjengaren Hippopotamus.[9] I tillegg gjekk albumet til topps på UK Official Independent Albums Chart.[27]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «All That» | 4:44 |
2. | «I'm Toast» | 3:32 |
3. | «Lawnmower» | 3:39 |
4. | «Sainthood Is Not in Your Future» | 4:13 |
5. | «Pacific Standard Time» | 4:23 |
6. | «Stravinsky's Only Hit» | 4:10 |
7. | «Left Out in the Cold» | 4:18 |
8. | «Self-Effacing» | 3:42 |
9. | «One for the Ages» | 3:49 |
10. | «Onomato Pia» | 2:52 |
11. | «iPhone» | 4:01 |
12. | «The Existential Threat» | 3:24 |
13. | «Nothing Travels Faster Than the Speed of Light» | 4:25 |
14. | «Please Don't Fuck Up My World» | 3:14 |
Total lengd: | 54:19 |
Medverkande
endre- Russell Mael – vokal, lydteknikar, miksing
- Ron Mael – klaverinstrument, programmering
Andre medverkande:[25]
- Steven Nistor – trommer
- Evan Weiss – gitar
- Eli Pearl – gitar
- Patrick Kelly – bass
- Ryan Parrish – saksofon
- Alex Casnoff - ekstra klaverinstrument på «One for the Ages»
- Coldwater Canyon Youth Choir - ekstra vokal på «Please Don't Fuck Up My World»
Salslister
endreListe (2020) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[28] | 29 |
Nederlandske album (MegaCharts)[29] | 88 |
Den franske albumlista (SNEP)[30] | 159 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[31] | 24 |
Skotske album (OCC)[32] | 2 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[33] | 25 |
Britiske album (OCC)[34] | 7 |
UK Independent Albums (OCC)[35] | 1 |
75 |
Fotnotar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «A Steady Drip, Drip, Drip» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Roberts, Randall (14. mai 2020). «After 50 years of cultdom, rock oddballs Sparks are about to have a moment». Los Angeles Times. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Hodgkinson, Will (15. mai 2020). «Album review: Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip review — baroque pop, glam rock and off-kilter wit». The Times. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «A Steady Drip, Drip, Drip by Sparks». Metacritic. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Sparks - 'A Steady Drip, Drip, Drip' British iTunes Chart Performance». iTUNES CHARTS. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 5,0 5,1 «Official Album Downloads Chart Top 100 22. mai 2020 - 2. mai 2022». Official Charts Company. 22. mai 2020. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 6,0 6,1 «Sparks Official Website».
- ↑ 7,0 7,1 Cyriak (animator, director), Sparks (komponists) (3. juli 2020). Sparks - The Existential Threat (Official Medeo) (YouTube). Henta 2. mai 2022.
- ↑ 8,0 8,1 Berkowitz, Joe (2. mai 2022). «This music-video ode to apocalyptic anxiety will give you the catharsis you crave». Fast Company (på engelsk). Henta 2. mai 2022.
- ↑ 9,0 9,1 «Paul Weller secures rare chart feat as On Sunset debuts at Number 1 on Official Albums Chart: «I'm very proud»». Official Charts Company. 2. mai 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 Chiu, David (25. mai 2020). «Sparks' Ron Mael On The Duo's New Album, Upcoming Movie, And 50 Years Of Idiosyncratic Music». Forbes. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 11,0 11,1 Teplyske, Donald (12. mai 2020). «Sparks A Steady Drip, Drip, Drip». Exclaim!. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 12,0 12,1 Cooper, Tim (6. mai 2020). «Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip – album review». Louder Than War. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 Cheal, David (15. mai 2020). «Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip — funny, strange and moving». Financial Times. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 Price, Simon (19. mai 2020). «The Strange World Of... Sparks». The Quietus. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 15,0 15,1 Phares, Heather. «Sparks A Steady Drip, Drip, Drip». Allmusic. Henta 2. mai 2022.
- ↑ Kenney, Andrew (13. mai 2020). «Sparks Continue Inventive Career with Daring 'A Steady Drip, Drip, Drip« (Album Review)». Glide Magazine. Henta 3. juni 2020.
- ↑ «A list of albums delayed due to coronavirus». Official Charts Company. 6. mai 2020. Henta 3. juni 2020.
- ↑ TV News Desk (6. juli 2020). «Sparks Teams Up Animator Cyriak for New Medeo». BroadwayWorld (på engelsk). Henta 2. mai 2022.[daud lenkje]
- ↑ «AnyDecentMusic? Review». AnyDecentMusic?. Henta 2. mai 2022.
- ↑ Horowitz, Hal. «Sparks Remain Edgy, Humorous og Adventurous After Nearly 50 Years». American Songwriter. Henta 2. mai 2022.[daud lenkje]
- ↑ 21,0 21,1 Smith, Mat (14. mai 2020). «Sparks A Steady Drip, Drip, Drip». Clash. Henta 2. mai 2022.
- ↑ Murphy, Lauren (15. mai 2020). «Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip review – another hit for the cult heroes». The Irish Times. Henta 2. mai 2022.
- ↑ Horton, Ross (15. mai 2020). «Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip». musicOMH. Henta 2. mai 2022.
- ↑ McCormick, Neil (16. mai 2020). «This week's best new albums: Perfume Genius, Charli XCX, Sparks and more». The Telegraph. Henta 2. mai 2022.
- ↑ 25,0 25,1 Anderson, Jason. «Sparks: A Steady Drip, Drip, Drip». Uncut (June 2020).
- ↑ «Album Review: Sparks - A Steady Drip Drip Drip». www.musicngear.com (på engelsk). Henta 9. september 2020.
- ↑ «Official Independent Albums Chart Top 50: 2. mai 2022 – 2. mai 2022». Official Charts Company. 2. mai 2022. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "Sparks - A Steady Drip, Drip, Drip" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "Sparks – A Steady Drip, Drip, Drip". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 2. mai 2022.
- ↑ «Top Albums (Week 28, 2020)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 13. juli 2020.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Sparks – A Steady Drip, Drip, Drip" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "20200710 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "Sparks – A Steady Drip, Drip, Drip". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "20200710 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 2. mai 2022.
- ↑ "20200710 Top 40 Independent Albums Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 2. mai 2022.