Fingerdyr

halvape
Fingerdyr
Fingerdyr
Fingerdyr
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av fingerdyr
Utbreiinga av fingerdyr
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Underorden: Strepsirrhini
Infraorden: Chiromyiformes
Familie: Fingerdyrfamilien Daubentoniidae
Slekt: Daubentonia
Art: Fingerdyr D. madagascariensis
Vitskapleg namn
Daubentonia madagascariensis

Fingerdyr (Daubentonia madagascariensis) er ein nattaktiv halvape og einaste art i fingerdyrfamilien. Han er kring like stor som ein katt.

Fingerdyret har lange fingrar, særleg langfingeren. Til skilnad frå andre halvapar har fingerdyret skarpe og kloliknande negler på fingrar og tær, unnateke på stotåa som har ein brei nagl. Øyro er store og nakne, og halen er lang og buska. Vaksne individ har to meiselforma framtenner i kvar kjeve som veks ut etter kvart som dei vert slitne ned.

Fingerdyret lever i bambusskoganeMadagaskar, der dei et insekt, larvar og mergen i sukker- og bambusrøryr. Det gneg ei opning med dei kvasse framtennene og trekk måltidet sitt ut med langfingeren. Fingerdyret nyttar òg langfingeren sin til å banka på tregreiner slik at det kan høyra om det er insektgangar i greinene.

Kjelder endre

«fingerdyr» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 29. desember 2019.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.