Finlandia Foothills
Finlandia Foothills er eit fjellmassiv, 10 nautiske mil lang og 3 nautiske mil brei, med ei høgd opp mot kring 1130 moh på vestsida av Sibeliusbreen, like nord på Aleksanderøya i Antarktis. Massivet ligg like sør for Geode Nunataks, nord for Handel forlandsbre og vest for Witches Cauldron. Dei vart fotograferte frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, og kartlagd frå bilete av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey, 1960. I samband med breen vart dei kalla opp etter det symfoniske diktet Finlandia av den finsk komponisten Jean Sibelius[1] (1865-1957).
Finlandia Foothills | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 130 moh. | ||
- koordinatar | 69°56′S 70°9′W / 69.933°S 70.150°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Finlandia Foothills 69°56′00″S 70°09′00″W / 69.9333°S 70.15°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Finlandia Foothills». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Finlandia Foothills» (innhald frå Geographic Names Information System).