Finn Blakstad (15. januar 186524. januar 1941) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Asker. Han representerte partiet HøgreStortinget frå 1906 til -15 og 1931-33. Wilhelm Blakstad var bror hans.

Finn Blakstad
Finn Blakstad.jpg
Fødd 15. januar 1865
Blakstad
Død

24. januar 1941

Yrke bonde, politikar

Blakstad var frå storgarden Blakstad i Asker. Han tok eksamen frå landbrukshøgskulen på Ås i 1884 og var i seks år gardsfullmektig. I 1890 kjøpte han garden Bråstad i Øyestad i Aust-Agder og var gardbrukar der til 1911, då han kjøpte garden Borgen i Sørum i Akershus.

Blakstad var medlem 1895-1907 av heradsstyret i Øyestad, ordførar dei siste seks åra. Frå 1906 representerte han einmannskrinsen Nedenes på Stortinget. Han var 1906-09 medlem av Protokollkomiteen, og 1910-12 formann i Jarnbanekomiteen og medlem i Valkomiteen. Perioden 1913-15 heldt han fram som stortingsmann, men då frå einmannskrinsen Nedre Romerike og som medlem i Vegkomiteen. Etter mange år ute av Stortinget, var han stortingsrepresentant frå Akershus fylke valbolken 1931-33, medlem i Skog- og vassdragskomiteen.

Blakstad var med i fleire statlege nemnder, så som Lønnskommisjonen av 1919 og Skattelovkommisjonen av 1929.

KjelderEndra