Wilhelm Blakstad
Wilhelm Blakstad (2. februar 1863–4. januar 1936) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Asker som representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1919 til 1933. Han var far til Gudolf Blakstad og bror til Finn Blakstad.
Wilhelm Blakstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. februar 1863 Asker |
Død | |
Yrke | ingeniør, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Wilhelm Blakstad på Commons |
Liv og gjerning
endreWilhelm Blakstad var frå storgarden Blakstad i Asker. Han gjekk 1879-82 den tekniske skulen i Trondheim og 1885-86 Noregs Landbrukshøgskule på Ås i Akershus. I mellomtida var han styrar 1882-83 av Baklandets Teglverk og Dampsmie, landmålar 1883-84, før han 1884-85 tok del i å gjenoppbyggje Kristiania Tændstikfabrik. Åra 1886-92 arbeidde han som ingeniør i «Det nordenfjeldske». Han var så fløytingsinspektør i Skiensvassdraget frå 1892 til 1898. Frå 1902 var han fløytingsdirektør i Fredrikstad Tømmerdireksjon til han døydde.
Frå 1910- til -18 var Blakstad ordførar i Fredrikstad. Etter å ha vore varamann til Stortinget 1916-18, representerte han kjøpstadene i Østfold og partiet Høgre i fem etterfylgjande storting; 1919-33. Han var medlem 1919-21 i Skog- og vassdragskomiteen, 1922-24 i Finanskomiteen, nestformann 1925-30 i Tollkomiteen, og formann 1931-33 i Finans- og tollkomiteen.
Blakstad var formann i to departementale komitear. Fyrst leia han Komiteen om regulering av Øyeren 1914, og sidan Komiteen om arbeidstidforskrifter i landbruksnæringa av 1927. Han var elles medlem 1918-21 i Tilsynskomiteen for Smålensbanen og i Mellomriksbanekommisjonen av 1921.
Ei byste av Blakstad, forma av Waldemar Dahl, står utanfor hovudkontoret til Fredrikstad Tømmerdireksjon. W. Blakstads gate i Fredrikstad har namn etter han.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2016-08-16 ved Wayback Machine.