Opna hovudmenyen

Finn-Erik Vinje

norsk språkforskar
(Omdirigert frå Finn Erik Vinje)

Finn-Erik Vinje (fødd 6. mars 1936) er pensjonert professor i nordisk språkvitskap, oppvaksen i Bærum. Han var frå 1975–2006 professor i moderne norsk språk ved Universitetet i Oslo, og frå 1971 til 1975 professor i nordisk ved Universitetet i Trondheim. Han har òg vore lektor i norsk språk og litteratur ved Stockholms universitet (1962-1967).

Finn-Erik Vinje
Fødd6. mars 1936
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
BarnVetle Vinje
MedlemDet Norske Akademi for Språk og Litteratur

Fagområdet til Vinje er nyare språkhistorie og språknormering. Vinje har drive språkleg konsulentverksemd, særleg gjennom vervet som språkkonsulent for bokmål i NRK (1971–1993) og som medarbeidar i NRKs radioprogram Språkrøret (1974–1989). Vinje har dessutan hatt språkspalte i Arbeiderbladet, Programbladet og Skole-fokus. På 1970-talet vart Vinje engasjert av Forbrukardepartementet til å lage kurs i praktisk språkbruk, og har sidan den tid halde ei rad kurs som han òg har laga lærebøker til.

Språkpolitisk var Finn-Erik Vinje samnorsk-tilhengjar på 1960- og 1970-talet. På 1980- og 1990-talet vart Vinje meir talsmann for usus-prinsippet, og han har orientert seg mot riksmålet og Riksmålsforbundet, m.a. gjennom skriving i Riksmålsforbundets blad Ordet og som formann for Litteraturpriskomitéen.

Vinje har markert seg for meir bruk av normert talespråk og imot obligatorisk sidemålsopplæring i skulen. I tillegg meiner han at nynorsken vil døy ut.

Vinje er juryformann for Riksmålsforbundets litteraturpris (2006–) og vart innvald i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur i 2005. Han var medlem av Norsk språkråd frå skipinga i 1972, var med på liberaliseringsvedtaket og sat i det såkalla særutvalet som førebudde rettskrivinga av 1981. Han vart i 1992 heidra av UiO med Det historisk-filosofiske fakultets pris for populærvitenskapelig formidling.

PublikasjonarEndra

  • Foran eller etter? : om rekkefølgen av skrive- og lesetegn ved anføring
  • NS, høgnorsken og riksmålet ISBN 82-990518-3-5
  • Ut med språket : en situasjonsrapport 2005 Schibsted ISBN 82-516-2161-5
  • Norsk grammatikk : det språklige byggverket Kunnskapsforlaget ISBN 978-82-573-1459-0
  • Enhet og mangfold : språksituasjonen i Norge i historisk perspektiv, 3. utg. 2004
  • Språk 2004. En situasjonsrapport, 2003
  • Frihetens palladium - i språklig belysning : om språket i Grunnloven, 2002, Stortinget ISBN 82-91283-58-3
  • Bedre norsk. Språkråd fra A til Å, 1998
  • Med alle skalker lukket : Aftenpostens og Dagbladets språkbruk i kritisk belysning Institutt for journalistikk, 1995, ISBN 82-7147-153-8
  • Riktig norsk, 1994, Cappelen akademisk ISBN 82-456-0731-2
  • Lovlig språk : om språk og stil i lover og annet regelverk Justisdepartementet
  • Måltrøst. Regler for god språkbruk, 1988
  • På talefot med språket, 1982
  • Å veie sine ord. Rapporter om språkbruken i NRK, 1980
  • Norsk i embets medfør : råd og vink for den offentlige språkbruken' 1977
  • Ord om ord. Innledning til en norsk ordlagingslære, Trondheim 1973
  • Et språk i utvikling. Noen hovedlinjer i norsk språkhistorie, 1973 (2. utg. 1978)
  • Nærlys på språket, 1973 (5. utg. 1987)
  • Verbalsubstantiv avledet med -else, -ing og nullsuffiks i moderne norsk, især bokmål, 1973
  • Skriveregler (1.utg. 1973, 8. utg 2006) nynorsk utgave Skrivereglar 1975, Aschehoug ISBN 978-82-03-32936-4
  • Torgeir Krogsrud, Didrik Arup Seip, Finn-Erik Vinje: Norsk rettskrivningsordliste 1972
  • Svecismer i moderne norsk, 1972
  • Godt ord igjen. Råd og regler for skrift og tale – og andre språkspørsmål, 1972
  • Moderne norsk avisspråk. Noen tendenser i morfologi og syntaks, 1970
  • Norsk språk. Aktuelle språkproblemer, grammatikk, språkhistorie og norrønt, 1970 (2. utg. Norsk språk – tilstand og vekst, 1979)
  • Moderne norsk. Råd og regler for praktisk språkbruk, 1968 (5. utg. 2002)
  • Kompendium i grammatisk analyse, 1968 (6. utg. 1977)
  • Den norske landsloven i svensk målform. En språklig-historisk undersøkelse, lisensiatavhandling, 1967

ReferansarEndra

  • Brunstad, Endre. 2003. Finn-Erik Vinje - ei kraft i norsk språknormering? I Omdal, H. og R. Røsstad. Krefter og motkrefter i språknormeringa, s. 121–133.
  • Bull, Tove. 1988. Dagens Vinje - gårsdagens Vinje. I Syn og Segn 3, s. 179–193.
  • NBL-artikkel om Vinje, skriven av Kjell Ivar Vannebo.