Hovudmål

(Omdirigert frå Sidemål)

Hovudmål er ei nemning bruka om den av dei to variantane av norsk (bokmål og nynorsk) som kvar og ein nyttar i personlege samanhengar til vanleg. Den andre varianten, som ein gjerne bruker mindre, blir kalla sidemål.

I grunnskolen kan ikkje elevane velje hovudmålet sitt sjølve, det blir i utgangspunktet avgjort av folket i skolekrinsen i røystingar med allmenn røysterett dersom det er strid om det. Der det finst parallellklassar kan barna/foreldra deira velje mellom bokmåls- og nynorskklassar. Viss foreldra til meir enn ti barn på eit klassetrinn krev det, har dei rett på parallellklasse med den andre målforma. I den vidaregåande skolen er det fleire som vel bokmål enn nynorsk som nytt hovudmål av dei som skiftar. Det er vanleg å rekne med at dominansen av bokmål i media er ein av grunnane. Men dei fleste held fast på hovudmålet frå grunnskolen, og nokre skiftar frå bokmål til nynorsk òg.

Bakgrunn endre

Som eitt av verkemidla for å prøve å få til reell jamstilling mellom dei to målformene, må alle elevar i den norske skolen få opplæring i å skrive både bokmål og nynorsk. Om ein til dømes har nynorsk som hovudmål, blir bokmålet kalla sidemål. Dette gir valfridom til elevane, for berre når dei får opplæring i begge målformene, kan dei sidan velje kva for eitt dei vil nytte som hovudmål i livet sitt. (Denne logikken kan ein jo overføre til andre område i samfunnet òg. Eit anna spørsmål er om slik valfridom i røynda impliserer lik opplæring i begge måla.) I svært mange jobbar, særleg i offentleg teneste, krevst det elles at ein kan bruke begge målformene, mellom anna fordi folk har krav etter mållova å få svar i same målform som dei har vendt seg til den aktuelle tenesta på. Men det er eit problem at opplæringa i nynorsk sidemål er for dårleg mange stader, og ho må derfor bli betre om ordninga skal verke slik ho er meint.

Usemje endre

Ordninga med hovudmål og sidemål blir kritisert med jamne mellomrom. Det blir frå somme hald ofte hevda at sidemålsopplæringa er sløsing med tid og ressursar som ein kunne bruka til å forbetre hovudmålet, eller på andre fag. Andre meiner at opplæringa må forbetrast om ho skal ha nokon verdi. Målrørsla er samd i at opplæringa i nynorsk sidemål må styrkjast, mellom anna med det at nynorsk blir nytta i andre fag òg, slik somme skolar har gode røynsler med, men går på det sterkaste imot avskaffing av skriftleg sidemålsopplæring med same vurderingsform som andre fag og emne.

Bakgrunnsstoff endre

Nynorsk i bokmålsland Arkivert 2005-03-12 ved Wayback Machine.

Norsk Målungdom om hovudmål og sidemål:Sidemål Arkivert 2005-08-28 ved Wayback Machine.