Finna
Finna er ei elv som har utspringet sitt frå innsjøen Råkåvatnet og renn gjennom Finndalen, Skårvangen, Skogbygda, Vågåmo og ut i Ottaelva, like nedanfor utløpet av Vågåvatnet. I Finndalen bukter Finna seg i meandersvingar og har danna mange gamle kroksjøar.
Finna | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommunar | Lom, Vågå | ||
Nedslagsfelt | 466,01 km² | ||
Sideelvar | Råkaåi, Gjerdingåi, Skjerva | ||
Lengd | 42,8 km | ||
Middelvassføring | 9,47 m³/s | ||
Kjelde | Honnsjoen | ||
• høgd | 1 093 moh. | ||
Munning | Otta ved Vågåmo | ||
• høgd | 363 moh. | ||
Finna 61°52′09″N 9°06′42″E / 61.869166666667°N 9.1116666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Finna |
Elva renn forbi fleire seterområde som Vangen, Sterringen, Breistulen og Odden. Når Finna har passert Odden går dalen over frå å vere ein hengande U-dal til ein V-dal og går i fleire stryk og fossefall. Den største fossen heiter Hølgjelfossen og ligg rett aust for grensa mellom Lom og Vågå kommune. Rett nord for denne fossen og litt opp i lia ligg setertufta Klomsroi som er nemnd i eit av Asbjørnsen og Moe sine eventyr om Jens Klomsroi. Hovuddelen av Finndalen ligg i Lom kommune, men når Finna går over til å verte fossar og stryk er ho kome inn i Vågå kommune.
Finna er verna med omsyn til Verneplan IV for vassdrag.