Firblad

planteart

Firblad (Paris quadrifolia) er ei urt i giftliljefamilien.[1][2] Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Firblad
Firblad
Firblad
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Liljeordenen Liliales
Familie: Giftliljefamilien Melanthiaceae
Slekt: Firbladslekta Paris
Art: Firblad P. quadrifolia
Vitskapleg namn
Paris quadrifolia

Planta vert kring 20 cm høg og har krypande jordstengel og opprett stengel, oftast med fire kransstilte blad. Ho har ein toppstilt blomster, oftast med fire breie og fire smale spisse, gulgrøne blomsterblad, åtte mjølberarar og fire griflar. Bæret er blått, saftig og giftig.

Firblad blomstrar kring juni månad i lauvskog med god mold. Planta veks gjennom heile Noreg. Ho er funnen opp til 1250 meter over havet i Vågå.[1]

Heile planta er giftig, spesielt bæra; det verksame giftstoffet er saponin. Av bæra har det vore framstilt gift som vart bruka ved jakt på ulv. Planta har derfor vore kalla «vargbær».[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 182. 
  2. «Artsdatabanken: Firblad». Artsdatabanken. Henta 28. mars 2023. 
  3. Henry Almås (2004). «Bjønn-Ola». Far etter fedrane [2005]: Årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. ISBN 82-90775-29-6. 

Bakgrunnsstoff

endre