Fisken tunge

flyndreart
Tunge
Tunge
Tunge
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Underorden: Pleuronectoidei
Familie: Tungefamilien Soleidae
Slekt: Solea
Art: Tunge S. solea
Vitskapleg namn
Solea solea

Tunge, tungeflyndre, sjøtunge eller skosole (Solea solea) er ein flyndrefisk i tungefamilien.[1] Fisken kan verta opptil 20 år gammal, 70 cm lang, og vega 4 kg.

Tunga vert rekna som ein velsmakande flyndrefisk.

Han er utbreidd langs kysten av Atlanterhavet, frå Senegal opp til Trondheimsfjorden i nord. I tillegg finst han i mesteparten av Middelhavet og langs kysten av Sør-Afrika. Om vinteren trekkjer han seg tilbake til dei noko varmare vatna i sør i Nordsjøen.

Dei små auga sit tett saman på den høgre sida til fisken. Dette gjer at han kan liggja halvveges nedgraven i sanden medan han ventar på at eit potensielt bytte skal koma forbi. I likskap med andre flyndrer har sjøtunga vanleg fiskeform som ung, men går tidleg gjennom ein metamorfose der det eine auget flyttar seg. Dette skjer når fisken er ca. ein centimeter stor.

Kjelder endre

  1. «Tunge Solea solea (Linnaeus, 1758)». Artsdatabanken. Henta 15. juli 2018. 

Litteratur endre