Fiskerlivets farer

Fiskerlivets farer er ein norsk film laga ei gong i tidsrommet 19061908. Filmen er rekna å vera den fyrste dramatiske fiksjonsfilmen i Noreg. Filmen er i tillegg rekna å vera den fyrste spira til norsk spelefilmproduksjon. I nyare tid ville filmen vorte klassifisert som ein kortfilm.

Fiskerlivets farer
RegiJulius Jaenzon Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Hugo Hermansen Sjå dette på Wikidata
ManusPeter Lykke-Seest Sjå dette på Wikidata
MedverkandeAlma Lund, Henry Hagerup, Edith Carlmar, Kristoffer Aamot Sjå dette på Wikidata
SjeffotografJulius Jaenzon Sjå dette på Wikidata
DistributørNorsk Kinematograf Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1907
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk

Ein alternativ tittel er Et drama på havet. Filmen var ein stumfilm i svart/kvitt. Originalfilmen er ikkje teken vare på. I 1954 vart filmen spela inn på nytt. Kinodirektøren i Oslo, Kristoffer Aamodt, var ein hovudmann i innspelinga. Aamodt spela den eine rolla i rekonstruksjonen. Regissøren Edith Carlmar spela den andre.

Truleg vart originalfilmen laga mellom 1906 og 1908. Mange tider vert det oppgjeve at filmen vart laga ferdig i 1907. Andre kjelder oppgjev at filminga fann stad ein sumardag i 1908 med speglblankt hav i hamneområdet Frognerkilen i Oslo.

HandlingEndra

Handlinga er melodramatisk, som i mange filmar frå pionertida innan film. Ein fiskar og sonen legg ut på sjøen for å fiska. Mora står att på land. Etter ei stund ser mora (Alma Lund) at sonen (Henry Hagerup) fell ut av båten og druknar. Foreldra syrgjer etterpå over den døde sonen.

BakgrunnsstoffEndra