Alma Lund

norsk skodespelar

Alma Mariane Lund (18541932), fødd Wikstrøm, var ein finsk-norsk operasongar og skodespelar. Ho song sopran.

Alma Lund
Alma Lund.jpg
Fødd30. april 1854
FødestadÅbo
Død9. oktober 1932 (78 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, filmskodespelar, operasongar
EktefelleBjarne Lund

Lund var fødd i Åbo. Ho var tilsett ved den finske nasjonaloperaen i Helsingfors og seinare ved Den Nationale Scene i Bergen. Ho var ein av fleire bergenske skodespelarar som drog til det nye Nationaltheatret då detta opna i 1899. Her song ho i koret ved teateret, som òg var faste statistar i oppsetjingar. Ho hadde også ein del småroller og songroller. Marta i Faust var den største oppgåva ho hadde. Ho trekte seg tilbake frå teateret i 1920.

Alma Lund hadde den kvinnelege hovudrolla i den første norske spelefilmen, Fiskerlivets farer frå 1907. Ho var gift med operasongaren Bjarne Lund (1858–1894).

KjelderEndra