Fiskeslaget asp

fiskeart
Asp
Asp
Asp
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Slekt: Leuciscus
Art: Asp A. aspius
Vitskapleg namn
Aspius aspius

Asp (Aspius aspiuslatin) er ein ferskvassfisk i karpefamilien. I motsetning til andre karpefiskar et aspen andre fiskar. Han er rekna som ein god matfisk. I Noreg finn ein fisken berre i delar av Glomma.

Skildring endre

Asp kan bli opptil 9 kg, i Noreg opptil 6 kg. Fisken lever normalt enkeltvis, eller i små grupper men stimer under leiketida om våren.

Utbreiing endre

Ein finn særleg asp i Søraust-Europa. På verdsbasis har ein ikkje nok data til å klassifisera artsstatusen.

I nasjonal raudliste 2006 vart asp oppført som sårbar etter kriteriet om utbreiing på få stader. Etter dette har ein endre kriteria på IUCN si raudliste slik at kriteriet berre kan nyttast dersom ein òg har identifisert ein eller fleire truslar mot områda det er snakk om. I Noreg reproduserer truleg asp berre i Øyeren, men det kan ikkje peikast på nokon alvorlege og umiddelbare trusselfaktorar. Arten oppfyller derfor ikkje lenger kriteria for raudlisting, og blir følgjeleg ikkje inkludert i nasjonal raudliste.[1]

Bilde endre

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fiskeslaget asp