Fjallkonan
Fjallkonan (Fjellkvinna) er ei kvinneleg lekamleggjering av Island. Ho blei først skildra i Ofsjónir frå 1752 av Eggert Ólafsson og først namngjeven i diktet «Íslands minni» av Bjarna Thorarensen. Sidan dette har Fjallkonan blitt eit utbreidd islandsk symbol.
Ho blei først avbilda i ei engelsk bok, Icelandic Legends (1864-1866), teikna av tyske J.B. Zwecker etter ei skildring gjeven av omsetjaren Eiríkur Magnússon. Dette bildet skildra han så i eit brev til Jón Sigurðsson:
- Dette bildet av ei kvinne er meint å representera Island, sidan ho på hovudet har ei krone av is som flammar sprutar opp frå. På skuldra har ho ein ramn, den mest typiske fuglen til Island — Odin sin gamle ven. [...] Ein måse sigler over vatnet og det sydande tidshavet, og historiske runestavar flyt i land innan rekkevidd for kona; ho har allereie ein av dei i handa. Dei skal stå for litteraturen og historia til landet vårt. Over kvinna er ein nattehimmel med stjerner og måne. Bak henne er fjell med toppar bada i månelys.[1]
Eit blad kalla Fjallkonan kom ut i Reykjavík frå 1884 til 1911. Nettstaden fjallkonan.is er eit prosjekt frå Reykjavik museum som formidler islandsk kvinnehistorie.
Ei kvinne utkledd som Fjallkonan dukka første gong opp under Islandsdagane i Winnipeg í Canada i 1924. Sidan 1944 har kvinner kledde som Fjallkonan lese opp dikt under den islandske nasjonaldagen 17. juni ei rekkje stader på Island.
Bakgrunnsstoff
endre
Teksten til Íslands minni ved Wikisource (is). |
- Bladet Fjallkonan ved timarit.is
- Liste over kvinner som har fungert som fjellkoner i Reykjavik fram til 2007 Arkivert 2006-02-12 ved Wayback Machine. ved hitthusid.is
- fjallkonan.is (engelsk utgåve)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fjallkonan» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Fjallkonan» frå Wikipedia på islandsk, den 27. mai 2011.
- Fjallkonan Arkivert 2006-02-12 ved Wayback Machine. ved hitthusid.is
- Sautjándi júní ved murderiseverywhere.blogspot.com
- Fotnotar
- ↑ Skildring av Fjallkonan i eit brev frå Eiríkur Magnússon til Jón Sigurðsson. Omsett frå engelsk.