Opna hovudmenyen

Fjelberg er ein kyrkjestad i Kvinnherad kommune i Hordaland. Staden ligg på Fjelbergøy i Klosterfjorden. Fjelberg var ein eigen kommune frå 1837 til 1965. Fjelberg var den fyrste kommunen i landet som tok nynorsk som administrasjonsspråk [1]

Fjelberg
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Kvinnherad
Postnummer 5459 FJELBERG

Fjelberg kommune 1837 - 1965Endra

Fjelberg kommune vart oppretta som Fjelberg formannskapsdistrikt i 1837.

I 1855 blei Fjelberg (3 587 innb) slått saman med Eid (1 207 innb) til den nye Fjelberg kommune.

I 1865 blei Vikebygd sokn (1 062 innb) skild ut frå Fjelberg og slått saman med Finnås (2 227 innb) til Sveen (Sveio) kommune.

1. januar 1898 blei ein del av Stord med 117 innbyggjarar overført til Fjelberg kommune.

1. juli 1916 blei Ølen (1 715 innb) skild ut frå Fjelberg som eigen kommune. Fjelberg hadde etter frådelinga 1 926 innb.

1. januar 1965 blei Fjelberg slått saman med Kvinnherad, det meste av Varaldsøy og delar av Skånevik til den nye Kvinnherad kommune. Fjelberg hadde ved samanslåinga 2 308 innb.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Fjelberg kommune frå 1916 til 1965:

1.7.1916 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1965
1926 1884 2249 2115 2148 2281 2308

FotnotarEndra

  1. Ottar Grepstad, Viljen til språk, (Det Norske Samlaget, 2006)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengde i Fjelberg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå