Fjellet
Fjellet er ei lita bygd som ligg mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen i Hjelmeland kommune. Namnet kjem av at bygda ligg i ein høgtliggjande lang dal omkrinsa av fjell. Per 1. januar 2010 var folketalet i bygda 55. Fylkesveg 660 går gjennom bygda.
Fjellet | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Hjelmeland | ||
Postnummer | 4139 HJELMELAND | ||
Innbyggjarnamn | fjellbu / fjellbuar | ||
Preposisjon | på Fjellet | ||
Ferdselsårer | 660 | ||
Fjellet 59°13′58″N 6°15′25″E / 59.23277778°N 6.25694444°E |
Sysselsetjing
endreDei fleste som bur i bygda er eller har vore involverte i landbruk, men dei fleste har også måtta finna seg levebrød innanfor servicenæringane.
Skule
endreBygda hadde eigen skule til og med skuleåret 1954/1955, og skulehuset fungerte deretter som bedehus, fram til det vart rive på midten av 1990-talet. Skuleborna på Fjellet har sidan 1955 sokna til skulen i Hjelmeland sentrum.
Gardar
endreHeggland, Hetland, Jørmeland, Bjelland og Breiland er gardane som høyrer til bygda.
Folketalsutvikling
endreÅr | Folketal |
---|---|
2001 | 50 |
2002 | 53 |
2003 | 52 |
2004 | 48 |
2005 | 51 |
2006 | 50 |
2007 | 47 |
2008 | 48 |
2009 | 53 |
2010 | 55 |
2011 | 55 |