Fjelltistel
Fjelltistel er ei urt i korgplantefamilien. Arten si utbreiing er avgrensa til Europa. Planta vert kring 20 cm høg og har blad med ujamn eller småtagga kant. Desse er filtlodne på undersida. Fjelltistel har gråfiolette korgdekkblad, fiolette kroner og blå mjølknappar. Planta luktar vanilje. Ho blømer kring juli månad i enger til fjells, helst på kalkrik grunn.
Fjelltistel | |
Fjelltistel | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Carduoideae |
Stamme: | Cynareae |
Slekt: | Fjelltistelslekta Saussurea |
Art: | Fjelltistel S. alpina |
Vitskapleg namn | |
Saussurea alpina |
Fjelltistel veks i alle fjelltrakter i Noreg, også ned i låglandet. Planta er funnen opp til 2130 m i Jotunheimen.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Fjällskära» frå Wikipedia på svensk, den 24. august 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Fjelltistel hos Artsdatabanken
- (en) Fjelltistel – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Fjelltistel i Encyclopedia of Life
- (en) Fjelltistel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Fjelltistel hos Dyntaxa
- (en) Fjelltistel hos ITIS
- (en) Fjelltistel hos NCBI
- (en) Fjelltistel hos The International Plant Names Index
- (en) Fjelltistel hos Tropicos
- (en) Kategori:Saussurea alpina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Saussurea alpina – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons