Fjernsynsprogrammet Kontrapunkt
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Kontrapunkt var ein nordisk musikkgisseleik produsert av NRK, SVT, YLE og DR.
Programmet gjekk i periodane 1964-1980 og 1985-1998 (1985 berre i Sverige). Den fyrste perioden var Kontrapunkt eit einmannsshow i regi av programleiararen Sten Broman. I den andre perioden vart programmet leia av Sixten Nordström, med god hjelp frå domar Jens Østergaard med assistentdomar Arne Ericsson (1988), Benny Dahl-Hansen (1990-1994) og Rosi Djupsund (1996-1998).
Dei faste deltakarnasjonane har vore Noreg, Sverige og Danmark. Finland har delteke på uregelmessig basis. Island var med frå 1990 til 1998.
Noreg har tradisjonelt sparka godt frå seg, men måte bite i graset mot regjerande Kontrapunktmeister Finland, som gjekk sigrande ut av den dramatiske finalen i 1998.
Gullmedaljevinnarar
endre- 1998: Finland (Mats Liljeroos, Kari Rydman og Ann-Kristin Schevelew)
- Finland gjekk sigrande ut av ekstrarunden etter 22–22 i finalen mot Noreg (Magne Seland, Ola Faye og Kjell Hillveg)
- 1996: Noreg (Ola Faye, Lene Grenager og Kjell Hillveg)
- 1994: Sverige (Roger Edman, Evabritt Selén og Paul Christian Sjöberg
- 1992: Noreg (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser)
- 1990: Noreg (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser) (9 matchpoeng)
- 1988: Noreg (Ola Faye, Kjell Hillveg og Trond Jahr) (10 matchpoeng)
- 1980: Sverige (Kjell Bondestad, Roger Edman og Anders Öhnedal)
- Noreg tok sølvet