Fløyelsmaurfugl

art av sporvefuglar

Fløyelsmaurfugl, Hafferia immaculata, er ein fugl i maurfuglfamilien. Han er funnen lågt i fuktige skogar i Costa Rica, Panama, vestlege og nordlege Colombia, vestlege Venezuela, og vestlege Ecuador. Fløyelsmaurfugl er 18,5 centimeter og veg 44 gram.[1] Arten lever av insekt, og er ein regelmessig maurfølgjar av vandremaurar for å fange byttedyr skremt av svermar, men arten er ikkje ein avhengig maurføljar slik som nokre andre maurfuglartar. Fløyelsmaurfugl er sterkt kjønnsdikromatisk, hannen har ei heilt svart fjørdrakt, medan hoa har ei raudbrun fjørdrakt og ei svart maske. Begge kjønn har ein blåfarga hudflekk rundt auga.

Fløyelsmaurfugl
Hofugl
Hofugl
Utbreiing
Utbreiinga av Fløyelsmaurfugl
Utbreiinga av Fløyelsmaurfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Fugleslekta Myrmeciza Myrmeciza
Art: Fløyelsmaurfugl M. immaculata
Vitskapleg namn
Myrmeciza immaculata

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fløyelsmaurfugl