Flaggermusmannen

Sjå òg superhelten Lynvingen, på engelsk kjend som Batman.

Flaggermusmannen er ein kriminalroman frå 1997 av Jo Nesbø. Dette er den fyrste boka i serien om politimannen Harry Hole.

HandlingEndra

Boka handlar om at Hole er i Australia for å hjelpe politiet der med å oppklare mordet på ei ung, norsk jente med B-kjendisstatus. I bakgatene i Sydney treffer Hole og den australske politimannen han har med seg både horer, hallikar, transvestittar og langarar. Han forelskar seg i den svenske bartenderen Birgitte og det går litt fram og tilbake med kjenslene deira gjennom boka. Urfolket i Australia, aboriginarane og undertrykkinga deira er òg eit viktig tema i boka.

BakgrunnsstoffEndra