Flash Gordon av Queen

Flash Gordon
Filmmusikkalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 8. desember 1980 (UK)
25. januar 1981 (Japan)
Februar 1981 (US)
Innspelt Februar - mars 1980, oktober – november 1980;
the Town House i Vest-London,
the Music Center, og
Advision Studios i London.
Sjanger rock
Lengd 35:01
Selskap EMI / Parlophone (Europe)

Elektra / Hollywood (US)

Produsent Brian May, Reinhold Mack
Queen-kronologi 
The Game

(1980)

Flash Gordon Hot Space

(1982)

Singlar frå Flash Gordon
  1. «Flash»
    Utgjeve: 24. november 1980

Flash Gordon er det niande studioalbumet og det første filmmusikkalbumet til det britiske rockebandet Queen, og er eitt av to filmmusikkalbum dei produserte, i la gmed Highlander. Musikken vart nytta i science fiction-filmen Flash Gordon, og det er berre tekst på to songar. «Flash's Theme» var den einaste singelen frå albumet, kalla «Flash». Albumet nådde 10. plassen på den britiske albumlista og 23. plassen i USA.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Chicago Tribune1/4 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[3]
The Guardian3/5 stars[4]
Record Mirror5/5 stars[5]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[6]

Bakgrunn endre

Det finst to versjonar av opningssporet. Albumversjonen («Flash's Theme») er nytta i starten av filmen med delar av dialogen frå den første scenen. Singelversjonen («Flash») nyttar delar av dialogen frå forskjellige delar av filmen, mellom anna Brian Blessed (som spelar rolla som Prince Vultan) som ropar «Gordon's Alive!». Denne versjonen var òg på Greatest Hits i 1981. Singelen nådde toppen av singellista i Austerrike. Songen er kjend for den pumpande, repeterande basslinja og den særs humoren.

Alle utanom to spor på albumet («Flash's Theme» og «The Hero») er instrumentale, men dei fleste har dialog henta frå filmen. Det vert nytta mykje synthesiserar på albumet, noko Queen først hadde byrja å bruke på det førre albumet deira, The Game, men då i mykje mindre grad.

Side A av albumet, utanom opningssporet og Freddie Mercury sin «Football Fight» (som var B-sida til singelen «Flash»), består hovudsakleg av synthesiser, vokal, gitar og tromme, skriven og framført av Mercury, Roger Taylor og John Deacon. Side B, som startar med liknande komposisjonar av Deacon og Taylor, er hovudsakleg basert på meir rockebaserte tema, hovudsakleg «Flash's Theme» og «Battle Theme», skriven og arrangert av Brian May. Det siste sporet, «The Hero», er ein eigen song, men repeterer begge motiva. Forskjellige versjonar av songen vart nytta over rulleteksten til filmen.

Det meste av musikken på albumet vart framført av Queen, og berre to korte fragment av orkestermusikken til Howard Blake (i «The Kiss» og «The Hero») er med på albumet.

All musikk vart spelt inn frå oktober til november 1980, utanom to spor («Football Fight» and «The Kiss») som vart spelte inn i februar-mars 1980 under innspelinga av The Game.

I popkulturen endre

«Flash's Theme», «Football Fight», «Battle Theme» og «The Hero» vert alle nytta i komedien Ted frå 2012, som nyttar Flash Gordon som eit subplot.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Flash's Theme»Brian May3:30
2.«In the Space Capsule (The Love Theme)»Roger Taylor2:21
3.«Ming's Theme (In the Court of Ming the Merciless)»Freddie Mercury2:53
4.«The Ring (Hypnotic Seduction of Dale)»Mercury0:58
5.«Football Fight»Mercury1:29
6.«In the Death Cell (Love Theme Reprise)»Taylor2:26
7.«Execution of Flash»John Deacon1:06
8.«The Kiss (Aura Resurrects Flash)»Mercury, Howard Blake1:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Arboria (Planet of the Tree Men)» (oppført som «Man» på den amerikanske LP-utgåva frå 1982)Deacon1:41
2.«Escape from the Swamp»Taylor1:44
3.«Flash to the Rescue»May2:47
4.«Vultan's Theme (Attack of the Hawk Men)»Mercury1:15
5.«Battle Theme»May2:20
6.«The Wedding March (Instrumental)» («Bridal Chorus»)R. Wagner, Arr. May0:56
7.«Marriage of Dale and Ming (And Flash Approaching)»May, Taylor2:04
8.«Crash Dive on Mingo City»May1:01
9.«Flash's Theme Reprise (Victory Celebrations)»May1:39
10.«The Hero»May, Blake3:31
Bonusspor på CD-utgåva frå 1991
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
19.«Flash's Theme» (1991 remix av Mista Lawnge, 9.5)May6:43
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Flash» (singel)May2:48
2.«The Hero» (Oktober 1980... Revisited)May2:55
3.«The Kiss» (tidleg versjon, mars 1980)Mercury1:11
4.«Football Fight» (tidleg versjon utan synth - februar 1980)Mercury1:55
5.«Flash» (live in Montreal, November 1981)May2:12
6.«The Hero» (live in Montreal, November 1981)May1:48
iTunes bonusvideo frå 2011
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Flash/The Hero» (live at Morumbi Stadium, 1981)May3:28
8.«Flash» (alternative promo)May3:17
9.«Flash» (Vanguard Mix) (promo video, 2003)May3:17

Medverkande endre

Andre

Lister og salstrofé endre

Lister endre

Liste (1980/81) Plassering
Austerrike[8] 1
Canada[9] 10
Nederland[10] 7
Tyskland[11] 2
Noreg[12] 25
Sverige[13] 29
UK Albums Chart[14] 10
U.S. Billboard 200[15] 23

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[16] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «Flash Gordon av Queen». Allmusic. Henta 16. februar 2012. 
  2. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  3. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  4. Petridis, Alexis (15. desember 2011). «Queen: Jazz; The Game; Flash Gordon; Hot Space – review». The Guardian (London). Henta 20. mai 2016. 
  5. «1980.12.13 - Record Mirror - UK - Wham! Bam! Thank you Ma'am! - QueenCuttings.com - Welcome on board!». QueenCuttings.com. Arkivert frå originalen 8. februar 2012. Henta 16. februar 2012. 
  6. «Queen: Album Guide». Rolling Stone. Henta 11. juni 2012. 
  7. May, Brian (22. april 2003). «Jena, Lady Mercy, Playing piano on early albums, Mr Pavarotti». Letters. Henta 26. juli 2007. «Flash and The Hero (Flash Gordon) (plus organ on the WEDDING)» 
  8. Steffen Hung. «Soundtrack / Queen - Flash Gordon». austriancharts.at. Henta 16. februar 2012. 
  9. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 16. februar 2012. 
  10. Steffen Hung. «Soundtrack / Queen - Flash Gordon». dutchcharts.nl. Henta 16. februar 2012. 
  11. «charts.de». charts.de. Henta 16. februar 2012. 
  12. Steffen Hung. «Soundtrack / Queen - Flash Gordon». norwegiancharts.com. Henta 16. februar 2012. 
  13. Steffen Hung. «Soundtrack / Queen - Flash Gordon». swedishcharts.com. Henta 16. februar 2012. 
  14. «Queen - Flash Gordon». Chart Stats. Henta 16. februar 2012. 
  15. «Queen - Charts & Awards». Allmusic. Henta 16. februar 2012. 
  16. «British album salstrofé – Queen – Flash Gordon - OST». British Phonographic Industry.  Enter Flash Gordon - OST in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff endre