Flekkmunkehette

planteart

Flekkmunkehette (Arum maculatum) er ei plante i munkehetteslekta i myrkonglefamilien.[1] Arten kjem frå Europa og Nord-Afrika.[2]

Flekkmunkehette
Flekkmunkehette
Flekkmunkehette
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Myrkonglefamilien Araceae
Underfamilie: Aroideae
Slekt: Munkehetteslekta Arum
Art: Flekkmunkehette A. maculatum
Vitskapleg namn
Arum maculatum

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som første gong vart funnen i naturen i 1987. Arten er truleg bufast og er funnen i Lier, Kristiansand og Stavanger.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO),[3] oppgradert frå utan kjend risiko (NK) i 2018.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Flekkmunkehette». Artsdatabanken. Henta 3. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 161. 
  3. «Fremmedartslista 2023: flekkmunkehette Arum maculatum L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 15. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Arum maculatum flekkmunkehette». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 3. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre