Flodbarbe
Flodbarbe
Flodbarbe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Underfamilie: Barbinae
Slekt: Barbus
Art: Flodbarbe B. barbus
Vitskapleg namn
Barbus barbus

Flodbarbe eller skjeggkarpe (Barbus barbus) er ein fisk i karpefamilien. Han er tilpassa hurtigstrøymande vatn og høyrer heime i midtre elveløp i Mellom-Europa, som av og til blir kalla barberegionen. Som mange andre karpefiskar har han skjeggtrådar (fire), av dette kjem namnet barbe (frå latin for 'skjegg'). Vanleg storleik er 30-50 cm, men dei blir opptil 120 cm lange og 16 kg tunge. Dei største eksemplara er tekne i Dnepr og tilhøyrer underarten B. b. borysthenicus (Borysthenes = Dnepr).

Utbreiing endre

Arten finst i midtre Europa, frå Aust-England og Vest-Frankrike og austover til Dnepr. Han manglar i Sør-Europa (der han blir erstatta av nærstående artar) og i Norden. Han finst både ved elvebotnen og i ope vatn i midtdelen av elvene.

Levevis endre

Flodbarber lever av krepsdyr, insektlarvar og blautdyr og rogn av andre fiskar. Dei kan òg ta småfisk og eta plantekost.

Hannen blir kjønnsmogen etter tre til fire år, hoa etter fem til åtte år. Dei vandrar oppover i elvene for å gyta og gyter i juni-juli. Dei slepp 8-12 tusen egg per kilo kroppsvekt. Egga mæler ca. 2 mm og er giftige.

Barbe og mennesket endre

Flodbarben er ein populær sportsfisk. Han blir òg teken på nót og ruser.

Slekta Barbus endre

Flodbarben høyrer til ei stor slekt. Det er svært omdiskutert kva for artar som høyrer til slekta, og i kva grad ulike bestandar skal reknast som eigne arter eller underartar av ein art. Etter ei inndeling finst det 308 artar.[1]

Kjelder endre

  1. «Fish Identification». www.fishbase.in. Henta 17. april 2019.