Fly on the Wings of Love

«Fly on the Wings of Love»
«Smuk som et stjerneskud»

Song av Olsen Brothers

Land Danmark
Språk Engelsk / Dansk
Utgjeve 2000
Sjanger Pop
Lengd 03:05
Selskap EMI
Komponist Jørgen Olsen
Tekstforfattar Jørgen Olsen
Låtskrivar(ar) Jørgen Olsen

«Fly on the Wings of Love» ('fly på kjærleikens venger'), også kjend som «Smuk som et stjerneskud», er ein dansk popsong som vann Eurovision Song Contest 2000 for Danmark. Songen vart framført av duoen Olsen Brothers og var komponert av Jørgen Olsen, ein av dei to medlemmane i gruppa. Sigeren var den andre Danmark hadde hatt i Eurovision Song Contest, og sigeren kom overraskande på både veddemålsbyrå og ekspertar.[1] Likevel vart songen og det påfølgjande albumet til gruppa store suksesser over heile Europa. I Noreg nådde «Fly on the Wings of Love» ein femteplass på VG-lista, mens albumet Wings of Love toppa VG-lista seks veker på rad.[2][3]

Eurovision Song Contest endre

Brørne Olsen, beståande av brørne Jørgen og Niels «Noller» Olsen, hadde ein lang musikalsk karriere bak seg i Danmark då dei deltok Dansk Melodi Grand Prix i 2000. Med songen «Smuk som et stjerneskud» vann dei ein overlegen siger i den danske finalen i København 19. februar. Songen ble dimed det danske bidraget til Eurovision Song Contest i Stockholm laurdag 13. mai same år.[4]

I forkant av den internasjonale finalen endra brørne namn til Olsen Brothers, og songen vart omsett til engelsk med tittelen «Fly on the Wings of Love». Songen var det 14. bidraget på scena av 24 bidrag, og dei to brørne stilte på scena med kvar sin gitar og fire støttevokalistar. Under framføringa var det ekstatisk stemning i Globen, og dei to brørne vart så overvelda av den varme responsen frå salen at dei smilte og lo fleire gongar under framføringa.[5]

I finalefeltet stilte ei rekkje land med unge artistar og tidsriktige låter, og Danmark var ikkje sett på som ein muleg vinner før finalen. Men under avrøystinga tok Danmark leiinga frå start og vann til slutt klart med 195 poeng – 40 poeng framfor Russland på andreplass. «Fly on the Wings of Love» fekk 12 poeng frå åtte land og 10 poeng frå sju land. Norske TV-sjåarar gav 10 poeng til Danmark.[6]

Etter Eurovision endre

Den uventa sigeren førte til stor jubel i Danmark, som ikkje hadde vunne Eurovision Song Contest sidan 1963 med «Dansevise». Songen vart også ein større kommersiell suksess enn vinnarlåtane åra før, og i Sverige selde singelen til platina.[7] I Noreg låg songen fire veker på VG-lista med ein femteplass som høgaste plassering. Også albumet Wings of Love selde bra og toppa VG-lista i seks veker.[8]

Sølvvinnaren Russland prøvde å få det danske bidraget diska, sidan Danmark hadde brukt ein vocoder under delar av sin framføring. Vocoderen «smelta» samen stemma til Jørgen Olsen med gitaren og skapa ein slags forvrengt stemme-effekt. Men EBU avviste den russiske protesten.[1]

Songen var også ein av fjorten tidlegare Eurovision-låter som deltok i jubileumsshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005. I tevlinga vart «Fly on the Wings of Love» kåra til den sjette beste songen frå dei fyrste 50 åra av Eurovision Song Contest. 

Andre versjonar endre

Fleire eurodance-grupper har laga eigne versjonar av «Fly on the Wings of Love».

  • I 2000 gav den danske produsenten Holger Lagerfeldt ut ein coverversjon av låten under artistnamnet DJ Cookie, med vokal av Linda Andrews.[9]
  • I 2002 gav den tyske trance-gruppa Topmodelz ut ein coverversjon på Aqualoop Records.[10]
  • I 2003 gav den spanske dancegruppa XTM & DJ Chucky ut ein ny versjon av «Fly on the Wings of Love». Annia, Eva Martí, stod for vokalen. Denne versjonen vart svært populær i Europa og toppa den irske singellista IRMA.[11] Songen nådde også en åttandeplass på den britiske singellista og blei liggande heile åtte veker på topp 10.[12] Denne versjonen gjekk også inn på dei spanske og nederlandske singellistene.[13]

Listeplasseringar endre

Liste (2000) Høgaste
plassering
Veker på
lista
Debutdato
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[14] 11 11 11. juni 2000
  Belgia Flandern (Ultratop)[15] 16 9 27. mai 2000
  Danmark (Tjeklisten)[16] 1 11 Uke 21 2000
  Nederland (Single Top 100)[17] 45 6 3. juni 2000
  Noreg (VG-lista)[2] 5 7 Uke 22 2000
  Storbritannia (UK Singles Chart)[18] 160 2 10. juni 2000
  Sveits (Schweizer Hitparade)[19] 17 14 4. juni 2000
  Sverige (Sverigetopplistan)[20] 1 17 25. mai 2000
  Tyskland (Offizielle Deutsche Chart)[21] 7 16 29. mai 2000


Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Eurovision Song Contest 2000». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «VG-lista for 'Fly on the Wings of Love'». VG Nett. Henta 26. februar 2017. 
  3. «VG-lista for 'Wings of Love'». VG Nett. Henta 26. februar 2017. 
  4. «Danish National Final 2000». National Finals Pages. Henta 26. februar 2017. 
  5. «Opptak av framføringen i Eurovision Song Contest 2000». SVT/EBU via YouTube. 19. juni 2012. Henta 26. februar 2017. 
  6. «Eurovision Song Contest 2000 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  7. «Guld- och Platinacertifikat – År 2000 (pdf)» (PDF). International Federation of the Phonographic Industry Sweden. 2000. Arkivert frå originalen (PDF) 29. februar 2012. Henta 26. februar 2017. 
  8. Haugen, Ida Anna (17. mai 2010). «Tidligere Eurovision-vinnere mimrer». VG Nett. 
  9. «DJ Cookie - Fly On The Wings Of Love (CD, Maxi) at Discogs». Discogs. Henta 6. juni 2010. 
  10. «DJ Bass-T* Presents Topmodelz - Fly On The Wings Of Love at Discogs». Discogs. Henta 6. juni 2010. 
  11. «Irsk singelliste (skriv 'Fly on the Wings of Love' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 26. februar 2017. 
  12. «XTM & DJ Chucky PTS, Annia». The Official Charts Company. Henta 26. februar 2017. 
  13. «dutchcharts.nl - XTM & DJ Chuckie Presents Annia - Fly On The Wings Of Love». dutchcharts.nl. Henta 6. juni 2010. 
  14. Hung, Steffen. «Olsen Brothers – Fly on the Wings of Love». austriancharts.at. Henta 26. februar 2017. 
  15. «Fly on the Wings of Love – Ultratop». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  16. «Fly on the Wings of Love på Tjeklisten». danskehitlister.dk. Henta 26. februar 2017. 
  17. Hung, Steffen. «Olsen Brothers – Fly on the Wings of Love». dutchcharts.nl. Henta 26. februar 2017. 
  18. «Chart Log UK». Chart Log UK 1994–2010. Henta 26. februar 2017. 
  19. Hung, Steffen. «Olsen Brothers – Fly on the Wings of Love – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 26. februar 2017. 
  20. «Olsen Brothers – Fly on the Wings of Love (Song)». hitparad.se. Henta 26. februar 2017. 
  21. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Olsen Brothers' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 26. februar 2017.