Estland sitt bidrag, «Once in a Lifetime» av Ines var den store førehandsfavoritten dette året, og vart hylla av både presse og fans. Russland sitt bidrag, «Solo» av Alsou og debutanten Latvia sitt, «My star» av Brainstorm var også populære blant bookmakerane. Men så fort røystene byrja å tikka inn tok Danmark ei klår leiing, berre såvidt utfordra av toaren Russland. Latvia enda som nummer tre, og storfavoritten Estland måtte nøya seg med fjerdeplassen. Som forventa fekk Irland ein respektabel sjetteplass med balladen «Millenium of Love».
Som vanleg var nokre av bidraga kontroversielle. Deltakarane frå Israel vifta med israelske og syriske flagg som ein bodskap om fred mellom dei to landa, og to mannlege medlemer av gruppa kyssa kvarandre ein kort augneblink. Stefan Raab og Tyskland stod for det komiske innslaget i tevlinga. Refrenget i songen deira, Wadde Hadde Dudde Da? var laga frå tysk barnespråk. Sverige sin originale song, «When Spirits are Calling My Name» av Roger Pontare handla om kampen for urfolka sine rettar. Pontare hadde med seg både ein same, ein inuitt og ein indianar på scena, sistnemnte kledd i ei stor fjørdrakt, og ein del av songen inneheldt samisk joik. Den russiske delegasjonen ville ha Danmark diskvalifisert etter at Jørgen Olsen hadde brukt ein vocoder for å få røysta si til å høyrast elektrisk ut på eit vers av vinnarbidraget til Danmark, men EBU avviste klagen.
Ifølgje konkurransereglane måtte alle landa bruke telefonavrøysting. Dei ti mest populære songane i kvart land fekk tildelt poeng i valørane 1–8, 10 og 12. Det kunne ikkje røystast meir enn tre gongar per telefon. I særskilde tilfelle der telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart, kunne ein jury brukes i staden.[1] Dette gjorde Latvia, Makedonia, Romania, Russland og Tyrkia. Kvart land hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukes om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomføres. Dette skjedde i Nederland, der telefonavrøystinga vart avlyst kort tid før finalen på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede samme dag.[2] Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen.[3]