Eurovision Song Contest 1963
Eurovision Song Contest 1963 (ESC 1963) var den åttande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i BBC Television Centre i London i Storbritannia. Finalen fann stad laurdag 23. mars. Danmark vann konkurransen med den danske songen «Dansevise», framført av Grethe Ingmann og Jørgen Ingmann.
Eurovision Song Contest 1963 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Dei heldt på stemmesystemet frå året før, men utvida det slik at kvart land gav 5, 4, 3, 2 og 1 poeng til dei fem beste bidraga. Då Noreg annonserte stemmene til programleiar Katie Boyle, var det nokre tekniske problem som hindra ho i å høyre resultata, og ho sa ho skulle kome tilbake til Noreg til slutt. Alle andre hadde høyrt stemmene, og var sjokkerte då Noreg endra på resultata for å sikre sigeren til Danmark over Sveits.
Finale
endre- Finalen vart halden den 23. mars 1963 i BBC Television Centre.
- Danmark vann konkurransen for fyrste gong.
- Frankrike og Monaco kom på ein delt 5. plass.
- Nederland, Noreg, Finland og Sverige kom på ein firedelt 13. plass.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | Storbritannia | Ronnie Carroll | «Say Wonderful Things» | Engelsk | 4 | 28 |
2. | Nederland | Annie Palmen | «Een speeldoos» | Nederlandsk | 13 | 0 |
3. | Vest-Tyskland | Heidi Brühl | «Marcel» | Tysk | 9 | 5 |
4. | Austerrike | Carmela Corren | «Vielleicht geschieht ein Wunder» | Tysk, engelsk | 7 | 16 |
5. | Noreg | Anita Thallaug | «Solhverv» | Norsk | 13 | 0 |
6. | Italia | Emilio Pericoli | «Uno per tutte» | Italiensk | 3 | 37 |
7. | Finland | Laila Halme | «Muistojeni laulu» | Finsk | 13 | 0 |
8. | Danmark | Grethe Ingmann & Jørgen Ingmann | «Dansevise» | Dansk | 1 | 42 |
9. | Jugoslavia | Vice Vukov | «Brodovi» | Kroatisk | 11 | 3 |
10. | Sveits | Esther Ofarim | «T'en va pas» | Fransk | 2 | 40 |
11. | Frankrike | Alain Barrière | «Elle était si jolie» | Fransk | 5 | 25 |
12. | Spania | José Guardiola | «Algo prodigioso» | Spansk | 12 | 2 |
13. | Sverige | Monica Zetterlund | «En gång i Stockholm» | Svensk | 13 | 0 |
14. | Belgia | Jacques Raymond | «Waarom?» | Nederlandsk | 10 | 4 |
15. | Monaco | Françoise Hardy | «L'amour s'en va» | Fransk | 5 | 25 |
16. | Luxembourg | Nana Mouskouri | «À force de prier» | Fransk | 8 | 13 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «ESC 1963» og «ESC 1963» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 1. februar 2011.