Foúrni
Foúrni Lokalt namn: Φούρνοι | |
---|---|
Foúrni by | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane
|
Areal | 45,347 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei nordlege egeiske øyane Ikaría |
Største busetnad | Fourni (1 120 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1 459 (2011[1]) |
Folketettleik | 32,3 /km² |
Fourni (gresk Φούρνοι eller Φούρνοι Κορσέων, Foúrni Korséon), er ei gruppe småøyar i Hellas aust i Egearhavet. Dei ligg mellom Ikaría, Sámos og Pátmos.
Foúrni er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Foúrni 1 459 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 120 innbyggjarar.[1]
Dei to største øyane i gruppa, hovudøya og øya Thýmena er busett. På hovudøya Foúrni ligg den største tettstaden og nord på øya Khrysomiliá, som er den nest største. Dei fleste innbyggjarane er fiskarar, sjølv om dei om sommaren òg driv med turistindustrien, hovudsakleg utleige av rom og restaurantverksemd. På hovudøya finn ein mange flotte stender. Øyane er forholdsvis rolege med ein avslappa atmosfære.
TransportEndra
Transport om vinteren (hovudsakleg frå november til april) stoppar ofte opp på grunn av dårleg vêr, hovudsakleg sterk vind. Resten av året går det båtsamband til Ikaría og Sámos.
Byar og tettstaderEndra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Foúrni | 1 120 |
Thýmena by | 136 |
Khrysomiliá | 104 |
Kámbi Khrysomiléas | 50 |
Kámbi Fournón | 15 |
Andre busetnader på øya er:
- Kamári (14)
- Keramidoú (7)
- Balí (6)
- Dafnoliés (2)
- Ájos Ioánnis Thermastís (1)
- Plajá (1)
Småøyar i kommunen:
- Thýmena (136)
- Ájos Minás (1)
- Alatonísi (0)
- Anthropofás (0)
- Thymenáki (0)
- Kisiriá (0)
- Makronísi (0)
- Mikrós Anthropofás (0)
- Petrokávaro (0)
- Pláka (0)
- Plakáki (0)
- Strongyló (0)
ReferansarEndra
BakgrunnsstoffEndra
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Fournoi Korseon frå Engelsk Wikipedia .