Ikaría (gresk skrift Ικαρία), òg kalla Icaria og lokalt kalla Nikaria eller Nicaria, er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag 19 km sørvest for Sámos. Ho har fått namnet sitt frå Ikaros, son til Daidalos, som etter soga fall i sjøen like i nærleiken.

Ikaría
Lokalt namn Ικαρία
Landsbyen Armenisthís nord på øya
Landsbyen Armenisthís nord på øya
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°35′N 26°10′E / 37.583°N 26.167°E / 37.583; 26.167
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 254,4 km²

Høgaste punkt Athéras (1 033 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Ikaría
Største busetnad Ájos Kírykos (1 201 innb.)

Demografi
Folketal 10 186 (2021[1])
Folketettleik 40,0 /km²

Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 vart Ikaría ein kommune. Øya høyrer administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]

Geografi endre

Øya har eit areal på 660 km² og 160 km kystlinje. Det bur knapt 9 000 innbyggjarar på øya. Topografien varierer frå frodige skråningar til berre og bratte klipper. Øya er stort sett dekt av fjell, og fjellkjeda Athéras går over heile øya og det høgaste punktet er 1 033 moh. Dei fleste landsbyane ligg på slettene nær kysten, men eit par av dei ligg òg i fjella.

Ikaría har lang tradisjon i å produsere sterk raudvin. Store delar av øya er dekke av store buskar som gjer landskapet frodig og grønt. Ikaría har eit typisk middelhavsklima.

Historie endre

Ikaría har vore busett sidan minst 7000 fvt. då eit steinalderfolk grekarane kalla pelasgianarar kom til øya. Rundt år 750 fvt. koloniserte grekarar frå Milet Ikaría og oppretta ein busetnad der Kámbos i dag ligg som dei kalla Oenoe. Ikaría vart ein del av Sámos og Polykrates sitt rike. På denne tida vart tempelet til Artemis bygd ved Nas, som ligg nordaust på øya. Nas var ein heilag stad for dei førgreske innbyggjarane og ei viktig hamn på øya i antikken. Ho var ein passande stad for sjømenn å gjere ofringar til Artemis, som mellom anna var ein slags vernehelgen for sjøfararar. Tempelet stod framleis på midten av 1800-talet, då det vart plyndra for marmor av innbyggjarane i Khristós som nytta steinen til kyrkja si. I 1939 vart det greve ut av den greske arkeologen Leon Politis. Under den tyske og italienske okkupasjonen av Ikaría under den andre verdskrigen forsvann mange av gjenstandane som Politis fann. Lokale segner seier at det framleis står marmorstatuer under sanden ved kysten.

Den genuesiske perioden endre

På 1300-talet vart Ikaría ein del av Genova sitt egeiske rike. På eit tidspunkt øydela faktisk innbyggjarane på øya hamna si for å hindre genuesarane å gå i land. Dei bygde sju vakttårn rundt kysten. Så snart dei såg eit fiendtleg eller ukjend skip tende vaktene eit bål og sprang så til ein cisterne, som alltid var full av vatn. Dei opna eit hòl i botn av cisterna og lét vatnet strøyme ut og nedover røyr i fjellsida. I kvar cisterne var det rissa inn identiske linjer som hadde forskjellige tydingar, som t.d. «sjørøvarar» , «ukjend skip nærmar seg» osv. Ved å stenge vatnet ved rett linje kunne ein dermed gje melding til dei andre vakttårna om kva fare som nærma seg.

Den osmanske perioden endre

Maltesarordenen, som hadde base på Ródos, hadde noko kontroll over Ikaría fram til 1521 då Det osmanske riket tok over øya. Øybuarane hengde først den tyrkiske skatteinnkrevjaren, men klarte å kome seg unna utan straff.

Tyrkarane sende ingen leiarar til øya i fleire hundreår, så ho fekk stort sett vere for seg sjølv. Ein veit lite om øya i desse åra, bortsett frå at innbyggjarane skal ha vore av dei fattigaste i heile Egearhavet. I 1827 braut Ikaría ut av Det osmanske riket, men etter at den greske sjølvstendekrigen vart ho gjeve tilbake til Tyrkia. Ho vart verande ein del av Det osmanske riket fram til 17. juli 1912 då øybuarane kasta ut ein tyrkisk garnison og oppnådde sjølvstyre.

George Spanos (1872-1912) frå Évdilos vart drepen i eit tyrkisk bakhald den 17. juli, og vert æra som ein helt under den ikariske revolusjonen.

Fristaten Ikaría endre

18. juli 1912 vart Fristaten Ikaría oppretta. Naboøyane Foúrni vart òg frigjevne og ein del av fristaten. Ioannis Malakhias var den første og einaste presidenten av den kortvarige nasjonen. I fem månader var øya ein sjølvstendig stat med sin eigen væpna styrke, flagg, frimerke og nasjonalsong. Dei fem månadane var derimot vanskelege med matmangel, dårlege transportforhold og ingen posttenester, og dei var nær ved å verte ein del av Italia sitt egeiske rike. I november 1912, etter forseinkingar på grunn av balkankrigane, vart Ikaría derimot ein del av Hellas.

Øya vart hardt råka av den italienske og seinare tyske invasjonen under den andre verdskrigen og mista mange bygningar og menneskeliv, dei fleste som følgje av svolt. Verdskrigen vart etterfølgt av den greske borgarkrigen (1945-1947) mellom nasjonalistar og kommunistar. Den greske regjeringa nytta øya som eksil for om lag 13 000 kommunistar. Sjølv den dag i dag støttar mange (men langt frå alle) kommunismen, og Ikaría vert derfor stundom kalla Kókkino Nisí (gresk Κόκκινο νησί, 'Raud øy') eller Kókkinos Vrákhos (gresk Κόκκινος Βράχος, 'Raud stein'). Livskvaliteten til innbyggjarane betra seg etter 1960 då den greske regjeringa betra infrastrukturen på øya og hjelpte til med å få i gang turistindustrien her.

 
Kloster sentralt på Ikaría

Administrativ inndeling endre

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Ájos Kírykos, Évdilos og Rákhes. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Ájos Kírykos Ájos Kírykos 2 218 1 201
Évdilos Évdilos 501 576
Karavóstamo Évdilos 499 503
Khristós (Rákhes) Rákhes 359 387
Ájos Pandelímonas Ájos Kírykos 375

Andre busetnader på øya er:

  • Panajá (266)
  • Xylosýrtis (256)
  • Kámbos (253)
  • Ájos Polýkarpos (217)
  • Ájos Dimítrios (210)
  • Perdíki (205)
  • Jaliskári (196)
  • Karkinágri (192)
  • Manganítis (190)
  • Akamátra (187)
  • Frandáto (155)
  • Kastaniés (153)
  • Khrystóstomos (153)
  • Dáfni (152)
  • Karés (147)
  • Armenistís (143)
  • Khristós (Ájos Kírykos) (133)
  • Glarédo (128)
  • Avláki (124)
  • Thérma (120)
  • Fanári (117)
  • Aréthousa (106)




Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ikaría