Focus con Proby
Focus con Proby Studioalbum av Focus | ||
Utgjeve | Desember 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | ||
Lengd | 48:07 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Yde De Jong | |
Focus-kronologi | ||
---|---|---|
Ship of Memories (1976) |
Focus con Proby | Focus (1985)
|
Focus con Proby er det sjuande studioalbumet av det nederlandske rockebandet Focus, gjeve ut i 1977 på EMI Records. Det inneheld fem spor med vokal frå den amerikanske songaren P.J. Proby. Andre musikarar på plata er gitaristane Eef Albers og Philip Catherine, trommeslagaren Steve Smith, i tillegg til to Focus-medlemmar frå tidlegare album.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Mottaking
endreI ei middels melding i Richmond Review skreiv Bob Beech at han føretrekte dei instrumentale spora føre songane med vokal. Han meinte at røysta til Proby var meir dempa enn på dei tidlegare innspelingane hans, som han føretrekte, men meinte dette ikkje passa inn på eit Focus-album.[2] Brian Brennan skreiv i Calgary Herald at medan Albers var ein «dugande musikar» så levde han ikkje opp til standarden til den tidlegare Focus-gitaristen Jan Akkerman. Han meinte albumet bestod av «uklåre instrumentalar, utan mål, holt og lite inviterande».[3]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Wingless» | Roselie van Leer, Thijs van Leer | 5:35 |
2. | «Orion» | Eef Albers | 4:08 |
3. | «Night Flight» | Albers | 3:40 |
4. | «Eddy» | R. van Leer, T. van Leer | 5:54 |
5. | «Sneezing Bull» | Philip Catherine | 4:27 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Brother» | R. van Leer, T. van Leer | 5:19 |
2. | «Tokyo Rose» | R. van Leer | 5:08 |
3. | «Maximum» | Bert Ruiter, T. van Leer | 8:40 |
4. | «How Long» | R. van Leer, T. van Leer | 5:16 |
Medverkande
endreMusikarar
- Thijs van Leer – hammondorgel, piano, elektrisk piano, mellotron, synthesiser, fløyte
- Bert Ruiter – bassgitar
- Steve Smith – trommer
- Philip Catherine – akustisk gitar, sologitar, rytmegitar
- Eef Albers – sologitar, rytmegitar
- P.J. Proby – vokal på «Wingless», «Eddy», «Brother», «Tokyo Rose» og «How Long»
Produksjon
- Yde de Jong – produsent
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Focus con Proby» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «allmusic ((( Focus con Proby > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 13. desember 2019.
- ↑ Beech, Bob (7. april 1978). «Proby in Focus». Richmond Review (Richmond, Canada). s. 15. Henta 13. desember 2019 – via Newspapers.com.
- ↑ Brennan, Brian (30. juni 1978). «Records in review». Calgary Herald (Calgary, Canada). s. 15. Henta 13. desember 2019 – via Newspapers.com.