Foggia-provinsen
provins
Land  Italia
Region Puglia
Hovudstad Foggia
Areal 7 190 km²
Folketal 686 856
Postnummer 71100
Retningsnummer 881
Kart
Provinsen Foggia
41°28′0″ N 15°34′0″ E
Wikimedia Commons: Province of Foggia

Foggia (italiensk Provincia di Foggia) er ein provins i regionen Puglia i Italia. Hovudstaden er byen Foggia. Provinsen vert òg kalla Capitanata, opphavleg Catapanata, fordi han i mellomalderen vart styrt av ein katapan, som ein del av Katapanatet i Italia.

Geografi endre

Provinsen Foggia kan delast i to delar. Den eine ligg rundt hovudstaden Foggia og vert kalla Tavoliere og den andre er «sporen» på den italienske «støvelen» og vert kalla Gargano.

Tavoliere er eit lågland der det vert drive jordbruk (sitrusfrukt, oliven, kveite, tomat).

Gargano er dei halvøy som delvis er kledd med fjell og delvis med skogen Foresta Umbra som har vegetasjon som er typisk for Sentral-Europa og er den einaste gjenverande skogen i Italia som var ein del av den eldgamle skogen som dekte store delar av Europa. Kysten av Gargano har mange strender og turiststader. I nord ligg to store saltsjøar, Lesinasjøen og Varanosjøen. Her vert òg produsert oliven og olivenolje.

Demografi endre

Han har eit areal på 7 190 km² og totalt 686 856 innbyggjarar (2005). Det er 64 kommunar i provinsen. I 2009 vil talet på kommunar reduserast til 61 då tre av kommunane med totalt 41 394 innbyggjarar (2005) vert ein del av den nye provinsen provinsen Barletta-Andria-Trani. Dei tre kommunane er Margherita di Savoia (12 749), San Ferdinando di Puglia (14 457) og Trinitapoli (14 414). (Dei sju andre kommunane vil kome frå provinsen Bari.) Ut frå 2005-tala vil provinsen Foggia då stå att med 645 236 innbyggjarar.

Største kommunane endre

Stand: 31. mai 2005

Kommune Folketal
Foggia 154 295
Cerignola 57 882
Manfredonia 57 467
San Severo 55 740
Lucera 35 668
San Giovanni Rotondo 26 464
Orta Nova 17 900
Torremaggiore 17 009
Sannicandro Garganico 16 849
San Marco in Lamis 15 258
Monte Sant'Angelo 13 643
Apricena 13 639
Vieste 13 605

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre