Foldfjordsvegen

veg på Ertvågsøya

Foldfjordsvegen er vegen gjennom FoldfjordenErtvågsøya i Aure kommuneNordmøre.

Arbeidet med å bygga veg gjennom Foldfjorden, frå Vågosen til straumskaget ved den indre straumen på Follan vart sett i gang rundt 1829.[1] VegStrekninga, som var om lag 10 km lang, vart delt inn i fire delar og fire arbeidslag vart sett til å arbeida på kvar sin del. Arbeidet var utført av arbeidspliktige oppsittarar frå heile Ertvågsøya. Mange meinte at dei ikkje hadde bruk for veg og det hende at somme freista å lura seg unna, eller slurva med arbeidet. Men ein veginspektør frå myndigheitene inspiserte arbeidet og rapporterte til lensmannen, som skreiv ut bøter til dei som ikkje møtte opp. Men arbeidet gjekk likevel seint.

Rundt 1840 gjorde kommunestyret vedtak om at det òg skulle byggast veg frå Klaksvika til Espset. Fyrst langt innpå 1840-talet vart det bestemt at dei to vegstubbane skulle knytast saman med veg frå Espset til Follan. Rundt 1850 var heile strekninga mellom Vågosen og Klaksvika såpass ferdig at ho kunne rodeleggast; oppsittarane langs vegen fekk då kvart sitt vegstykke å halda i orden. Dei hadde òg brøyteplikt om vinteren, noko mange meinte ikkje var naudsynt og det var stor misnøye med å verta pålagt arbeid dei ikkje såg nytten av.

Mellom Vågosen og Skogset gjekk vegen langs Skausetvatnet og med unnatak av småbakkar var vegen flatvoren. Mellom Skauset og Innigarden var det ei bratt kleiv, Skausetkleiva. Vidare utover Ålmogrenda gjekk vegen over dyrka mark og traseen var lagt slik at gardsvegane vart så korte som mogleg. Rett utom Ålmogrenda var dei ei bratt kleiv, som vart kalla Solbota. Resten av vegen mellom Ålmogrenda og Semundset gjekk òg gjennom kupert terreng og det var knapt nok flate parti mellom bakkane. Mellom Semundset og Follan var det òg bakke opp og bakke ned heile vegen. Rett innom Follan låg Follkleiva, som var den lengste og brattaste kleiva på heile Foldfjordsvegen.

Då bilane dukka opp førte bakkane til stadig problem. Dei fyrste bilane hadde dårlege bremsar og det var vanleg å ha med ein halvvokstring eller to som sprang etter og la stein attom hjula når det vart stopp i ein bakke[treng kjelde]. På grunn av alle bakkane var det vanskeleg å brøyta vegen skikkeleg og om vinteren var det ofte berre traktorar og hestar som kom fram.

Vegen mellom Skauset og Nedgarden i Ålmogrenda vart lagt om sist på 1950-talet, slik at vegfarande slapp unna Skausetkleiva. På 1960-talet vart det bygd ny veg mellom Espset og Nedgarden i Ålmogrenda, slik at så godt som alle bakkane forsvann.

Referanse endre

  1. Orten, Per Eilert, Den nye dagen gryr, Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.