Opna hovudmenyen

Folding i signalhandsaming

(Omdirigert frå Foldning)
Folding av ein rektangulær funksjon med seg sjølv.

Folding ein matematisk bilineær operasjon på to funksjonar, eller signal, og som resulterer i ein tredje funksjon , som syner korleis dei to funksjonane påverkar kvarandre. Folding kan utførast mellom kontinuerlege eller diskrete funksjonar, og kan sjåast på som ei generalisering av eit glidande gjennomsnitt.

Folding av kontinerlege funksjonarEndra

Folding av to kontinuerlege Lebesgue-integrerbare funksjonar   og   vert utført som

 

der *, som vert kalla «foldingsoperatoren», er ein kompakt notasjon for folding. «Folding» kjem frå den tyske nemninga «Faltung», og syner til at den eine funksjonen vert folda (bretta), slik at slutten kjem fyrst og starten til slutt, vist med notasjonen  . Folding er ein kommutativ operasjon, så det spelar inga rolle kva for funksjon som vert snudd (folda). Dei to funksjonane kan vera reelle eller komplekse.

Om   er impulsresponsen til eit lineært system (eit filter), er utgangssignalt   frå systemet gitt som foldinga av impulsresponsen   og inngangssignalet  . Ein kan difor måla impulsresponsen til eit lineært system ved å senda ein impuls gjennom det.

Diskret foldingEndra

Folding av relle eller komplekse diskrete sekvensar vert utført som eit Cauchy-produkt:

 

Her er Lebesgue-målet bytta ut med eit karinalitetsmål.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.