Folkehøgskolen 69° Nord
69°23′48″N 18°36′5″E / 69.39667°N 18.60139°E
Folkehøgskolen 69° Nord | |||
Motto | Liten skole - store opplevelser! | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Folkehøgskole | ||
Org.form | Stiftelse | ||
Org.nummer | 935411785 | ||
Grunnlagd | 1984 | ||
Region/fylke | Troms | ||
Kommune | Balsfjord | ||
Stad | Malangen | ||
Adresse | Malangsveien, 9056 Mortenhals | ||
Rektor | Pål-Emil Færøvig | ||
Nettstad | https://69nord.no | ||
Folkehøgskolen 69° Nord 69°23′55″N 18°36′36″E / 69.39861111°N 18.61°E |
Folkehøgskolen 69° Nord er ein kristen folkehøgskole som ligg på Mortenhals i Balsfjord kommune i Troms fylke. Skolen har plass til 53 elevar i året og er dermed ein av dei minste norske folkehøgskolane.
Skolen tilbyr ulike linjefag med fokus på friluftsliv og arrangerer også ulike seminar i løpet av skoleåret. Nærområda rundt skolen innbyr til aktivt og variert friluftsliv året rundt. Folkehøgskolen er eigd av ein stiftelse der Balsfjord kommune, Den norske Kyrkja, elevane, dei tilsette og rektor ved 69°Nord er representert i styret. Skolen vart etablert i 1984 og er knytt til Noregs Kristelege Folkehøgskolelag (NKF).
Linjer ved skolen i 2015:
endre- Friluftsliv Nordkalotten
- Go Pro Action
- Hundekjøring og friluftsliv
- Seiling og ski
- Sportsfiske og friluftsliv
Kjelder
endre- «Greit å vite». Folkehøgskolen 69° Nord. Henta 4. juni 2015.
- «Folkehøgskolen 69° Nord - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 4. juni 2015.