Folkeopplysningsprisen
Folkeopplysningsprisen er ein pris innstifta av Vaksenopplæringsforbundet. Prisen er delt ut årleg sidan 1998 i samband med kampanjen «Læringsdagane for vaksne» (tidlegare «Veka for vaksnes læring»).
Folkeopplysningsprisen har etter statuttane som mål «å verdsetje enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller institusjonar for yting ut over det vanlege, over tid, med å skape føresetnader for og stimulans til frigjering, solidarisk samhandling, vekst og utvikling gjennom kunnskap. Innsatsen skal vere tufta på humanistisk grunn. Prisen skal medverke til å fremje arbeidet med demokratisering av kunnskap og kunnskapsformidling, auka von for deltaking og oppleving, refleksjon og bruk av eiga røynsle.»[1]
Mottakarar
endre- 1998: NRK P2
- 1999: Svanvik Folkehøgskole (no Pasvik Folkehøgskole)
- 2000: AOF Sarpsborg
- 2001: Studiesenteret i Sjåk
- 2002: Blå Kors ved leiar Hans Olav Fekjær
- 2003: Schrødingers katt, NRK
- 2004: Einfrid Halvorsen
- 2005: Ryfylkemuseet og Lucky Næroset
- 2006: Ammehjelpen
- 2007: Leser søker bok
- 2008: Jon G. Olsen
- 2009: Jørn H. Hurum
- 2010: Hildur Roll-Hansen
- 2011: Wikimedia Noreg
- 2012: Seniornett Norge
I 2005 var Noreg arrangør av International Adult Learners Week, og i samband med veka blei det delt ut to folkeopplysningsprisar. Éin med fokus på internasjonalt arbeid i Noreg, tildelt Ryfylkemuseet, og éin med fokus på internasjonalt arbeid i den tredje verda, tildelt Lucky Næroset.
Kjelder
endre- Læringsdaganes side om Folkeopplysningsprisen Arkivert 2010-12-02 ved Wayback Machine. – Her finst statuttar og oversyn over mottakarar.
Referansar
endre- ↑ Folkeopplysningsprisen - statuttar[daud lenkje] (sitat frå bokmål)
Bakgrunnsstoff
endre- NRK Dagsrevyen 23.10.09 Pris til Jørn Hurum[daud lenkje] (web-TV)
- Hurum fikk Folkeopplysningsprisen[daud lenkje] Om Folkeopplysningsprisen 2009
- Fremragende, Olsen Romerikes Blad om Folkeopplysningsprisen 2008