Leser søker bok (LSB) er ein samskipnad av over 20 norske organisasjonar som arbeider for at alle skal ha tilgang til litteratur.

LSB har ansvaret for at det skal kome ut tilrettelagd litteratur, det vil seia litteratur som tilpassar seg lesarar som har vanskar med å lese vanlege bøker. LSB sørgjer for at tilrettelagde bøker blir utvikla, gitt ut og formidla gjennom 160 Bok til alle-bibliotek. Desse biblioteka organiserer igjen om lag 750 leseombod som les høgt for folk som ikkje kan lese. LSB har laga søkjesida Boksok.no. Her kan ein søkje etter bøker som passar ulike behov. LSB gir også ut ein katalog med oversikt over bøker dei har støtta LSB deler ut Ordknappen, ei utmerking til forfattarar som skriv tilrettelagt.

LSB er finansiert av Kulturdepartementet. Organisasjonen er ein brei allianse samansett av forfattarar, illustratørar, forlag, fagfolk innan lesing og interesseorganisasjonar for funksjonshemma. I alt har LSB 20 medlemsorganisasjonar, mellom andre Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, GRAFILL, Den norske Forleggerforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Den norske Forfatterforening.

LSB held til på Litteraturhuset, med Liv Gulbrandsen som dagleg leiar.

Bakgrunnsstoff

endre