Jørn H. Hurum

Fødd4. november 1967
Drammen kommune
NasjonalitetNoreg
Områdepaleontologi
Yrkepaleontolog, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Jørn Harald Hurum (fødd 4. november 1967) er ein norsk paleontolog og vitskapsformidlar. Hurum er utdanna virveldyrpaleontolog og tilsett som professor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo i Oslo. Han har særleg jobba med dinosaurar, tidlege pattedyr og marine øgler. Han har sidan 2004 leia eit team som grev ut store marine øgler på Janusfjellet 5–6 km nord for LongyearbyenSvalbard. Gjennom 11 ekspedisjonar har han og kollegaene grave seg fram til titals nye arter frå Juraperioden, til saman 60 skjelett. Dei siste åra har forskinga hans dreidd seg om dei eldste av dei marine reptila på Svalbard som dukka like opp etter det som er rekna som den største masseutryddinga i historia.

Bakgrunn endre

Jørn Hurum er fødd og oppvakse i Mjøndalen ved Drammen, men har dei siste åra budd i Nittedal utanfor Oslo. Sidan barndomen har han samla fossil og mineral i Oslo-distriktet. Han byrja studium i paleontologi ved Universitetet i Oslo i 1987. Han vart cand.scient. i 1993 med oppgåva «Snout and orbit of Cretaceous Asian multituberculates studied by serial sections», og fekk doktorgraden med avhandlinga «Cranial structure and relationships of Mongolian Lata Cretaceous multituberculate mammals» i 1997. Begge oppgåvene baserer seg på fossil av pattedyr funne i Gobiørkenen. Etter avslutta doktorgrad fekk han eit postdoktorstipend frå Forskingsrådet for å studera kjevar hos Tyrannosaurus og slektningane til denne blant rovdinosaurane. Sidan 2004 har han vore leiar av utgravingane på Svalbard av marine øgler frå juraperioden.

Jørn Hurum gifta seg i 1991 med Merethe Frøyland, som er ekspert på realfagdidaktikk og førsteamanuensis ved Naturfagsenteret på Blindern. I 2003 fekk dei ei dotter som fekk namnet Ida.

Vitskapsformidling og forsking endre

Dinosaurforskaren Jørn H. Hurum er kjent som ein medieprofilert formidlar av populærvitskap innan fagfeltet sitt. Han har skrive ti faktabøker, mellom dei «Menneskets utvikling» (2004) og «Stein» (2007), og trilogien «Ida», «Monsterøglene på Svalbard» og «Sjøskorpionen på Ringerike» saman med Torstein Helleve og kunstnaren Esther van Hulsen. Han har òg vore programleiar i «Jørns hjørne» i Tv-programmet «Newton» (2001–2002) og i radioprogrammet «Hurum og Ødegaard» i Kanal24 (saman med astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard). Han har i tillegg til meir enn 50 vitskaplege artiklar skrive over 70 populærvitskaplege artiklar og heldt over 400 populærvitskaplege foredrag. I 2004 var han med på å utvikla læreprogrammet «Dinosaurjakt» for norske skular saman med viten.no. Han har òg vore leiar og fagleg ansvarleg for fleire utstillingar ved Naturhistorisk museum, blant anna «Gåtefulle Kina» (2000), «Dødelege dinosaurer» (2003), «Europas siste jungel» (2008), «Apejenta Ida» (2011) og «Livets tree» (2018). Det er laga fleire nasjonale og internasjonale dokumentaret om forskinga til Hurum, m.a «Predator X» (2009, History Channel m.fl.), «The Link» (History Channel, BBC, ZDF m.fl.), «Death of a sea monster» (National Geographic Channel).

I 2007 vart Jørn Hurum kjent for funnet av «Monsterøgla frå Svalbard», òg kalla Predator x, som er ein av dei største kjende pliosaurane i verda med ei berekna lengd på 13 meter.

«The Link» endre

19. mai 2009 presenterte Hurum, tyske og amerikanske forskarar eit 47 millionar år gammalt fossil av ei ape i New York, som av Hurum vart marknadsført som «The Link» (i media òg omtalt som «The Missing Link»), det manglande bindeleddet i utviklingshistoria til mennesket, ein teori som forlengst er forlate av vitskapen.[1] Fossilet viser det eldste kjende apeskjelett i verda, som er 95 % intakt, Darwinius masillae, av Hurum kalla Ida etter den mindreårige dottera hans. Formidlinga til Hurum og skildringa av fossilet har møtt sterk kritikk i fagmiljøa, og har vorte skildra som «grunnleggjande i strid med vitskapen sine idéer og etikk» av fem av Noregs mest kjende biologiprofessorar, m.a. Nils Christian Stenseth, som òg meiner tydinga til fossilet er sterkt overdrive og omtalar det som «ein overselt bløff» .[2][3][4] Hurum oppsummerte saka sett frå sitt synspunkt med ein musikkvideo på YouTube i 2014 .[5]

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre