Folketeljinga 1801

Folketeljinga i 1801 er den fyrste nominative folketeljinga i Noreg. Det er altså den fyrste folketeljinga som registrerer namn og anna informasjon om kvar einskild innbyggjar. Folketeljinga 1801 ligg i sin heilskap ute på internett, og er ei database det er mogleg å søkje i. Teljinga vart halde i heile kongeriket Danmark-Noreg.

Side frå folketeljinga i 1801. Frå Riksarkivet.

Folketal endre

Ut frå folketeljinga i 1801 reknar ein folketalet i Noreg ved teljingstidspunktet til 883 603 menneske. Av desse budde kring 10 % i byar.

Manglar i folketeljinga endre

Heile Holt prestegjeld med sokna Holt, Dypvåg og Flosta manglar i teljinga. Det same gjer gardene i Maridalen i Aker. Det er i tillegg kjend at enkeltgardar manglar.

Registreringa endre

Det vart nytta ferdigtykte skjema i føringa av teljinga. Dermed vart det ei nokså einskapleg føring for heile landet. Skjemaet har rubrikkar for gards- og gatenamn, personnamn og posisjon i familien, alder, ekteskapeleg status og yrke.

Registreringa av den enkelte personen vart gjort der han eller ho budde fast, og ikkje der personen var på teljedagen. Dermed er òg sjøfolk og folk på reisefot tekne med på staden der dei budde.

Alder vart i teljinga oppgjeve ut frå fyrstkomande fødselsdag. Dermed vil ein person som nettopp hadde vorte 20 år stå oppført som 21 år gamal. Det er òg grunn til å tru at mange av leveråra som er oppgjevne er omtrentlege.

Folkesetnaden vart delt inn i familiar, som svarer til husstandar. Ein familie kan slik innehalda både personar som er i slekt, tenestefolk og leigebuarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre