Follebu er eit sokn og tettstad i Gausdal kommune sør i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.

Follebu
stad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gausdal
Areal 1,14 km²
Folketal 1 210  (2023)
Folketettleik 1 061 / km²
Postnummer 2656 FOLLEBU
Preposisjon i Follebu
Kart
Follebu
61°12′57″N 10°17′06″E / 61.21581°N 10.28498°E / 61.21581; 10.28498
Wikimedia Commons: Follebu

Follebu sokn

endre

Follebu sokn har om lag 2 400 innbyggjarar (2013), og femnar om bygdene rundt elva Gausa frå grensa i sør mot Lillehammer kommune og nordover til og med Einstad og tettstaden Segalstad bru som delest i to av soknegrensa. Det høyrde til Gausdal prestegjeld fram til 1878, deretter Østre Gausdal prestgjeld. Follebu kyrkje er bygd år 1260 og ligg eit stykke nordom Follebu tettstad.

 
Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson i Follebu. Bilete frå 1890-talet

I Follebu ligg òg Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er museum.

Follebu tettstad

endre

Tettstaden Follebu er med 1 210 innbyggjarar per 1. januar 2023 den største i kommunen, ligg 4 km søraust for kommunesenteret Segalstad bru og 16 km nordvest for Lillehammer.

Folketalsutvikling i tettstaden Follebu
År Innbyggjarar
1920
  
196
1930
  
242
1946
  
255
1950
  
249
1960
  
409
1970
  
504
1980
  
727
1990
  
780
2000
  
842
2009
  
1 015
2012
  
1 063
Kjelder:

Sjå òg

endre

Kjelder

endre