Fonologi i fulfulde
Fonologi i fulfulde
Stavingsstruktur
endreFulfulde har stavingar av typane CV, CVV, CVC og CVVC, der C = konsonant, V = stutt vokal og VV = lang vokal. Med andre ord byrjar alle stavingar med éin og berre éin konsonant. Typologisk høyrer til fulfulde dei språka der stavinga har ei obligatorisk opptakt; jamfør artikkelen staving.
Vokalar
endreFula har fem stutte og fem lange vokalfonem:
Fremre urunda | Sentral urunda | Bakre runda | |
Trong | i /i/ - ii /iː/ | u /u/ - uu /uː/ | |
---|---|---|---|
Midtre | e /e/ - ee /eː/ | o /o/ - oo /oː/ | |
Open | a /a/ - aa /aː/ |
I mange dialektar varierer uttalen av dei midtre vokalane e, ee, o og oo allofonisk mellom dei trong-midtre [e], [eː], [o] og [oː] på den eine sida og dei open-midtre [ɛ], [ɛː], [ɔ] og [ɔː] på den andre. Det er ein tendens til at dei stutte vokalane har ein litt meir sentral artikulasjon enn dei lange vokalane. Fula har ingen diftongar.
Konsonantar
endreLabial | Apikal | Laminal | Dorsal | Glottal | |
Nasal | m /m/ | n /n/ | ny /ɲ/ | ŋ /ŋ/ | |
---|---|---|---|---|---|
Prenasal plosiv | mb /mb/ | nd /nd/ | nj /ndʒ/ | ng /ŋɡ/ | |
Stemd plosiv | b /b/ | d /d/ | j /dʒ/ | g /ɡ/ | |
Implosiv | ɓ /ɓ/ | ɗ /ɗ/ | ƴ /ʄ, j̰/ | ||
Ustemd plosiv | p /p/ | t /t/ | c /tʃ/ | k /k/ | ' /ʔ/ |
Ustemd frikativ | f /f/ | s /s/ | h /h/ | ||
Rotikon | r /r/ | ||||
Approksimant | (v /ʋ/) | l /l/ | y /j/ | w /w/ |
Frå Maasina og vestover blir ƴ uttala som ein palatal implosiv og austanfor Maasina blir han uttala som ein knirkestemd halvvokal.
Alle implosivane kan alternativt uttalast som knirkestemde plosivar.[1]
Skiljet mellom v og w finst berre i nokre dialektar i Aadamaawa. Alle andre dialektar har berre w. Jamfør artikkelen Fulfulde: framlydsveksling.
Fonotaks
endreSom tidlegare nemnt, inneheld konsonantposisjonane (opptakt og koda) berre éin konsonant. Alle konsonantane i konsonanttabellen ovanfor kan stå i opptakt, medan fleire ikkje kan stå i koda. For Aadamaawa-dialekten gjeld desse reglane:
- 1. Alle konsonantar utanom nb nd nj ng h v kan stå i koda.
- 2. c og g finst i koda berre som fyrste del av ein geminat.
- 3. Halvvokalen w finst ikkje som koda etter u / uu.
- 4. Halvvokalen y finst ikkje som koda etter i / ii.
Maasina-dialekten skil seg frå Aadamaawa-dialekten ved at frikativane f s heller ikkje kan stå i koda. Til Aadamaawa-former som nofru 'øyra', deftere 'bok', lesdi 'land, jord' og hesre 'ny' (i NDE-klassen) svarar Maasina-formene nowru 'øyra', dewtere 'bok', leydi 'land, jord' og heyre 'ny' (i NDE-klassen).
Prosodi
endreFotnotar
endre- ↑ Ladefoged, P. 1964. A phonetic study of west African languages. Cambridge: Cambridge University. Reprinted 1968. ISBN 0-521-06963-7