Fontanell

(Omdirigert frå Fonticuli cranii)

Ein fontanell (av latin fonticuli cranii) er eit anatomisk kjennemerke ved hovudskallen hjå nyfødde. Det plar å visa til dei blaute og membranøse gapa, skallesaumane, mellom knoklane som dannar skalletaket hjå foster og nyfødde.[1][2] Fontanellar bidreg til snøgg strekking og omforming av hjerneskallen, av di hjernen utvidar seg snøggare enn dei omfamnande knoklane veks.[3] Prematur lukking av skallesaumane, gjennom forbeining, er kjend som kraniosynostose.[4]

Hovudskallen ved fødsel. Pannefontanellen er vist øvst, og bakhovudfontanellen under.
Hovudskallen ved fødsel. Pterion er vist til venstre, og asterion til høgre.

I tidleg barndom er pannefontanellen kjend som bregma.

Struktur endre

Fontanellar er blaute område på hovudet hjå nyfødde, som ved fødsel bidreg til bøyinga av knokkelplatene i hovudskallen, slik at hovudet kjem seg gjennom fødselskanalen. Forbeining av desse knoklane fører til at pannefontanellen lukkar seg etter 9 til 18 månadar.[1][5] Bakhovudfontanellen og pterion lukkar seg i laupet av dei første få månadane av livet. Lukkingane former seinare skallesaumane i hjerneskallen. Panne- og bakhovudfontanellene er dei mest signifikante, men pterion (fonticulus sphenoidalis) og asterion (fonticulus mastoideus) er òg viktige.

Hovudskallen hjå nyfødde er samansett av fem hovudknoklar: to pannebein, to issebein og eitt bakhovudbein. Desse er sydd saman av saumer, som spelar ei viktig rolle for fødsel og cellevekst i hjernen.

  • Bakhovudfontanellen, den vesle fontanellen (fonticulus posterior), er trekanta og ligg ved kryssinga mellom pilsaumen og lambdasaumen.[6] Fontanellen er open og synleg ved fødsel, og er trekt med ein hard membran der issebeina sluttar seg til bakhovudbeinet (ved lambda). Bakhovudfontaneller plar å forbeinast innan 2 til 3 månadar etter fødsel. Dette blir kalla intramembranøs ossifikasjon — det mesenkymale bindevevet blir omgjord til knokkelvev.[6]
  • Pannefontanellen, den store fontanellen (fonticulus anterior), er eit diamantforma og membranfylt rom som ligg mellom dei to pannebeina og dei to issebeina i hovudskallen hjå fosteret.[1][6] Fontanellen står ved lag i omkring 18 månadar etter fødsel. Den ligg ved kryssinga mellom koronarsaumen og pilsaumen.[6] I desse 18 månadane er fontanellen følbar.[6] Ved cleidokranial dysplasi lukkar den seg seinare enn vanleg, og stundom aldri. Palpering av pannefontanellen er ein viktig prosedyre ved undersøkinga av nyfødde.[1]
  • Det finst to mindre fontanellar på kvar side av hovudet. Lengst framme ligg pterion, den fremre og sideliggande fontanellen, mellom kilebeina, issebeina og tinningbeina. Lengre bak ligg asterion, den bakre og sideliggande fontanellen, mellom tinningbeina, bakhovudbeinet og issebeina.

Lukking endre

Fontanellene hjå menneske lukkar seg i følgande rekkefylgje:[3][7]

  1. Bakhovudfontanellen plar å lukke seg innan 1—3 månadar etter fødsel.
  2. Pterion lukkar seg innan 6 månadar etter fødsel.
  3. Asterion lukkar seg innan 6—18 månadar etter fødsel.
  4. Pannefontanellen plar å lukke seg innan 7—19 månadar etter fødsel.

Klinisk relevans endre

Fontanellen kan vere pulserande, og sjølv om årsaka er uklår, så er dette eit vanleg fenomen som følgjer pulsslaga til hjarta, truleg gjennom arteriepulsen i hjernevaskulaturen eller i hjernehinnene. Denne pulseringa har gjeve namn til dei blaute områda, fontanell, som tydar «lita fontene».

Foreldre er ofte ottesame for at barna er meir utsett for skade i fontanellene. Fontanellene er likevel veldig harde og ugjennomtrengelege, på trass av at dei dei blir kalla blaute.

Fontanellene er viktige ved ultrasonografi av fosterhjernen. Så snart dei er lukka blir storparten av hjernen utilgjengeleg for ultrasonografi, sidan knokkelvevet i hovudskallen dannar ein lydbarriere.

Sjukdom endre

Svulmande fontanellar endre

Ein spent eller svollen fontanell tydar på auka hjernetrykk. Trykkaukinga kan føre til at hovudskallen hjå nyfødde blir unormalt forstørra.[8] Dette kan skuldast:[9]

Nedsøkkte fontanellar endre

Nedsøkkte fontanellar tydar på dehydrering eller feilernæring.[10]

Forstørra fontanellar endre

Fontanellar kan bli forstørra, lukke seg seint eller halda seg opne av ulike grunnar. Dei vanlegaste årsakene er:[11]

Mindre vanlege årsaker er:[11]

Andre dyr endre

Hjå aper lukkar fontanellene seg snarleg etter fødsel. Hjå sjimpansar er pannefontanellen heilt lukka ved ein alder av 3 månadar.[3]

Hundar endre

Eit av dei mest alvorlege problema som kan ramme hundar er kjend som «open fontanell». Dette skjer når knoklane i toppen av hovudskallane ikkje lukkar seg skikkeleg. Problemet er ofte tilknytt hydrocefalus, ein tilstand med overflødig væske i og rundt hjernen, der det er trykk på hjernen og dei omfamnande veva. Hovudet vil ofte framstå som kuppelforma, og den opne fontanellen er synleg som eit blautt område på toppen av hovudet. Dei væskefylte romma inni hjernen, ventriklane, blir svolne. Trykkaukinga skadar eller motarbeider utviklinga av hjernevev.[12]

Opne fontanellar er ikkje alltid tilknytt hydrocefalus. I mange unge hundar lukkar ikkje fontanellen seg før etter 3 til 6 månadar etter fødsel. Av og til klarar ikkje knoklane å lukke seg, utan at dette har innverknad på hunden. I dessa høva må hundeeigaren vere ekstra varleg, sidan skade eller slag mot hovudet kan føre til alvorleg hjerneskade, og jamvel epilepsi.

Fleire bilete endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Walberg, Fred (14. februar 2009). «fontaneller». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015. 
  2. «fontanelle». TheFreeDictionary. Henta 24. april 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Beasley, Melanie. «Age of Closure of Fontanelles / Sutures». The Center for Academic Research and Training in Anthropogeny (CARTA). Henta 24. april 2013. 
  4. «Kraniosynostose». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 30. oktober 2013. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. mars 2015. 
  5. "USMLE Step 2: Secrets".editor1=Theodore X. O'Connell.editor2=Adam Brochert.book=USMLE Step 2: Secrets.ed=3rd.page=271
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Holck, Per (13. februar 2009). «fontanell». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015. 
  7. K. Kaneshiro, Neil. Fontanelles - bulging MedlinPlus. Vitja 1. mars 2015
  8. Waxman, Stephen G. Clinical Neuroanatomy. 25th ed. New York: Lange Medical /McGraw-Hill, Medical Pub. Division, 2003.
  9. «Fontanelles – bulging». MedlinePlus, U.S. National Library of Medicine & National Institutes of Health. Henta 26. april 2013. 
  10. «Fontanelles – sunken». MedlinePlus, U.S. National Library of Medicine & National Institutes of Health. Henta 26. april 2013. 
  11. 11,0 11,1 «Fontanelles – enlarged». MedlinePlus, U.S. National Library of Medicine & National Institutes of Health. Henta 26. april 2013. 
  12. «Open Skull Bones May, May Not Be Sign of Deadly Disorder». Terrificpets.com. Henta 24. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff endre