Foramen ovale i hjartet

(Omdirigert frå Foramen ovale i hjarta)

Foramen ovale (latin foramen ovale cordis, «rundt hol») er ein kanal mellom framkammera i hjarte i fostertida. Skiljeveggen mellom framkammera blir danna frå to veggar , septum primum og septum secundum, som veks inn parallelt, men på ulik tid i fosterutviklinga. I begge desse veggane blir det att eit hol. Desse hola overlappar ikkje, men dei dannar ein kanal. Blodet kan passera gjennom kanalen frå det høgre framkammeret til det venstre. Dette gjer at oksygenrikt blod frå morkaka som kjem opp gjennom nedre holvene blir leia tvers gjennom høgre framkammer, gjennom foramen ovale og inn i venstre framkammer. Derifrå går det gjennom venstre hjartekammer og livpulsåra til hovudet og hjernen. Denne mekanismen syter for at hjernen får så mykje oksygen og næring som mogeleg.

Prinsippskisse av foramen ovale i eit fosterhjarte. Blodstraumen frå nedre holvene i raudt. HV: høgre framkammer, VF: venstre framkammer. HH og VH: høgre og venstre hjartekammer. Hjartet har framleis ei felles lungevene (LV), i staden for fire.

Ope foramen ovale endre

Det er trykkskilnaden mellom høgre og venstre framkammer som held kanalen open. Når trykket i høgre framkammer søkk etter fødselen legg den venstresidige flappen seg inntil den høgresidige veggen og kanalen blir lukka. Etter kvart veks han igjen, dette skjer normalt i fyrste leveår. Hos nokre skjer ikkje denne samanvaksinga og blod kan gå frå høgre til venstre dersom trykket på høgresida blir høgare enn på venstre. Dette kan skje ved t.d. ei hostekule, som får trykket i heile brysthola til å stige. Lungesjukdom som får trykket i lungekretsløpet til å stige er ein annan orsak. Manglande samanvaksing blir kalla persisterande foramen ovale (PFO). Det er usikkert kor vanleg dette er, men nokre kjelder seier at om lag 30 % av den vaksne befolkninga har PFO. Nokre reknar PFO med blant atrieseptumdefektane, dette gjer forståinga vanskeleg. Eit ope foramen ovale er eit normalt fenomen hos friske menneske, det er dessutan ein kanal og ikkje eit hol.

Dykkarsjuke endre

Atrieseptumdefektar, mellom dei PFO, gjev auka risiko for dykkarsjuke. Dette er fordi dykkarar kan ha inerte gassar som nitrogen og helium i blodet. Desse kan gå frå løyst form til bobler. Den einaste måten å få desse ut av kroppen er å ventilere gassen ut gjennom lungene. Dersom noko av blodet på veg gjennom høgresida av hjartet på veg til lungene går gjennom framkammerskiljeveggen er boblene i staden på veg ut i kroppen igjen.

Paradoksalt emboli endre

Venetromber (proppar i venene) er vanleg. Embolisering (lausriving av tromber) gjer vanlegvis at desse går til lungene og gjev lungeemboli. Er det eit hol i framkammer skiljeveggen kan desse klumpane av levra blod gå ut i kroppen i staden. Dei kan mellom anna gje slag i hjernen.

Migrene endre

De finst forsking som tydar på at lukking av eit ope foramen ovale kan ha effekt på somme typar migrene. Mekanismen er ukjend.

Kjelder endre

  • Lier H, Schroeder S, Hering R. Patent foramen ovale: an underrated risk for divers? Dtsch Med Wochenschr. 2004 Jan 2;129(1-2):27-30. (Medline abstract)
  • Saary MJ, Gray GW. A review of the relationship between patent foramen ovale and type II decompression sickness. Aviat Space Environ Med. 2001 Dec;72(12):1113-20. (Medline abstract)
  • Adams HP. Patent foramen ovale: paroxical embolism and paradoxical data. Mayo Clin Proc 2004;79:15-20.