Foras na Gaeilge
Foras na Gaeilge er det normerande organet for det irske språket. Det vart oppretta 2. desember 1999 med ansvar for å fremje bruken av heile språket på heile Irland, og tok då over oppgåvene til dei tidlegare statlege organa Bord na Gaeilge, An Gúm og An Coiste Téarmaíochta.
Foras na Gaeilge | |||
Skipa | 2. desember 1999 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Dublin, Belfast | ||
Nettstad | http://www.gaeilge.ie |
Foras utgjer halvparten av The North/South Language Body, som vart oppretta som eit samarbeidsorgan i samband med Belfastavtalen. Den andre delen er Tha Boord o Ulster-Scotch, som fremjar bruken av ulsterskotsk.
Organet har ei rådgjevande rolle for bruken av irsk gælisk i både offentleg og privat sektor i Republikken Irland, der språket har offisiell status, og i Nord-Irland der irsk er eit regionalt språk.