Unity Arena

(Omdirigert frå Fornebu Arena)
Denne artikkelen handlar om arenaen på Fornebu. For arenaen i Karlskrona med same namn, sjå Telenor Arena Karlskrona.

Unity Arena, tidlegare kjend som Telenor Arena[1] og Fornebu Arena, på Fornebu i Bærum kommune i Noreg, er Nord-Europas største multi-bruk innandørs arena. Arenaen, som har sjølvberande og heildekkande tak, vart snøgt ein ettertrakta arena for store underhaldningsprogram, som AC / DC, Tina Turner, Metallica, Andre Bocelli og Eurovision Song Contest 2010. Areanen var òg heimebanen til fotballklubben Stabæk Fotball i Bærum, men etter 2011-sesongen måtte klubben flytte attende til sin opphavlege arena, Nadderud stadion i nærleiken av Bekkestua i Bærum.

Unity Arena

Offisielt namn Unity Arena
Kallenamn Fornebu Arena
Stad Fornebu i Noreg
Adresse Widerøeveien 1
1360 Fornebu
Eigar Stabæk Holding
Kjell Ulrichsen
Drift Fornebu Event AS
Stabæk Fotball
Brukarar Stabæk
Underlag Kunstgras
Banestorleik 105 m x 68 m
Kapasitet 15 000 (fotball)
25 000 (konsertar)
Arkitekt HRTB AS Arkitekter MNAL
Pris 300 millionar NOK
Tidlegare namn Telenor Arena (2008-2024)
Historiske årstal
Påbegynt
2006
Opna
2009
Stengd
Hendingar

Heimekampane til Stabæk
Eurovision Song Contest 2010

Unity Arena har ein kapasitet på 15 000 tilskodarar til fotball og 25 000 til konsertar. Arenaen hadde kunstgras, men dette vart fjerna i samband med at det vart slutt på at Stabæk Fotball fekk nytte hallen. Byggjekostnaden skal ha vore rekna til 585 millionar kroner, inkludert det tilhøyrande næringsområdet.

Fornebu Arena fotografert i februar 2009.
Foto: Kjetil Ree

Kjelder

endre
  1. «Telenor Arena bytter navn til Unity Arena! - Unity Arena», unityarena.no (på norsk bokmål), 16. mai 2024, henta 27. mai 2024