Opna hovudmenyen
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Eurovision Song Contest 2010
Share the Moment
Offisiell tittel
55. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 25. mai 2010
Semifinale 2 27. mai 2010
Finalen 29. mai 2010
Vertskap
Stad
Telenor Arena i Bærum i Noreg
Programleiar(ar)
Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui
Kringkastar(ar)
Norsk rikskringkasting
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Fairytale» av Alexander Rybak
Pausenummer
Semifinale 1 Film om menneskelege lydar
Semifinale 2 Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, og breakdance
Finalen «Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mobar frå ulike stader i Europa
Bidrag
Antal bidrag
39 land. 25 i finalen. 17 i kvar av dei to semifinalane.
Attende
Georgia
Trekte seg
Andorra
Montenegro
Tsjekkia
Ungarn
Ikkje med
San Marino
Austerrike
Monaco
Italia
Luxembourg
Marokko
Kart
ESC 2010 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Tyskland med «Satellite» av Lena
Eurovision Song Contest
Moskva 2009 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Düsseldorf 2011

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 vil dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

ArrangementEndra

 
Telenor Arena.

Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn HelsingforsFinland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

ProgramleiararEndra

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

PauseinnslagEndra

Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

AvrøystingEndra

EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.[1]

OrkesterEndra

Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien valt å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

Fordeling av semifinaleplassarEndra

Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5

BidragaEndra

Semifinale 1Endra

  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 052 10
02   Russland Peter Nalitch and Friends «Lost and Forgotten» Engelsk 074 07
03   Estland Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk 039 14
04   Slovakia Kristína Peláková «Horehronie» Slovakisk 024 16
05   Finland Kuunkuiskaajat «Työlki ellää» Karelsk 049 11
06   Latvia Aisha «What For?» Engelsk 011 17
07   Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 079 05
08   Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 059 08
09   Polen Marcin Mroziński «Legenda» Engelsk og polsk 044 13
10   Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 167 01
11   Malta Thea Garrett «My Dream» Engelsk 045 12
12   Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 076 06
13   Hellas Jórgos Alkaíos and Friends «ÓPA!» Gresk 133 02
14   Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 089 04
15   Makedonia Gjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski «Jas ja imam silata» Makedonsk 037 15
16   Kviterussland 3+2 og Robert Wells «Butterflies av 3+2 og Robert Wells» Engelsk 059 09
17   Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 123 03

Semifinale 2Endra

  • Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01   Litauen InCulto «East European Funk» Engelsk 12 44
02   Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 6 83
03   Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 8 71
04   Danmark Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 5 101
05   Sveits Michael von der Heide «Il Pleut de L'or» Fransk 17 2
06   Sverige Anna Bergendahl «This Is My Life» Engelsk 11 62
07   Aserbajdsjan Səfurə «Drip Drop» Engelsk 2 113
08   Ukraina Alyosha «Sweet People» Engelsk 7 77
09   Nederland Sieneke «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» Nederlandsk 14 29
10   Romania Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 4 104
11   Slovenia Ansambel Roka Žlindre og Kalamari «Narodnozabavni rock» Slovensk 16 6
12   Irland Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 9 67
13   Bulgaria Miroslav Kostadinov «Angel si ti» Bulgarsk 15 19
14   Kypros Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 10 67
15   Kroatia Feminnem «Lako je sve» Kroatisk 13 33
16   Georgia Sopho Nizharadze «Shine» Engelsk 3 106
17   Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 1 118

FinalenEndra

  • Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen.
  • 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen.
  • I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane.
  • Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Aserbajdsjan Səfurə «Drip Drop» Engelsk 145 5
02   Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 068 15
03   Noreg Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk 035 20
04   Moldova SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 027 22
05   Kypros Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 027 21
06   Bosnia-Hercegovina Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 051 17
07   Belgia Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 143 06
08   Serbia Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 073 13
09   Kviterussland 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 018 24
10   Irland Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 025 23
11   Hellas Jórgos Alkaíos and Friends «ÓPA!» Gresk 140 08
12   Storbritannia Josh Dubovie «That Sounds Good to Me» Engelsk 010 25
13   Georgia Sofia Nizharadze «Shine» Engelsk 136 09
14   Tyrkia maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 02
15   Albania Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 062 16
16   Island Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 041 19
17   Ukraina Alyosha «Sweet People» Engelsk 108 10
18   Frankrike Jessy Matador «Allez Ola Olé» Fransk 082 12
19   Romania Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 162 03
20   Russland Peter Nalitch and Friends «Lost and Forgotten» Engelsk 090 11
21   Armenia Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 07
22   Tyskland Lena «Satellite» Engelsk 246 01
23   Portugal Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 043 18
24   Israel Harel Skaat «Milim» Hebraisk 071 14
25   Danmark Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 149 04
02   Spania Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 068 15

I finalen vart røystene presentert i fylgjande rekkjefylgje:

  1.   Romania
  2.   Irland
  3.   Tyskland
  4.   Serbia
  5.   Albania
  6.   Tyrkia
  7.   Kroatia
  8.   Polen
  9.   Bosnia-Hercegovina
  10.   Finland
  11.   Slovenia
  12.   Estland
  13.   Russland

  1.   Portugal
  2.   Aserbajdsjan
  3.   Hellas
  4.   Island
  5.   Danmark
  6.   Frankrike
  7.   Spania
  8.   Slovakia
  9.   Bulgaria
  10.   Ukraina
  11.   Latvia
  12.   Malta
  13.   Noreg

  1.   Kypros
  2.   Litauen
  3.   Kviterussland
  4.   Sveits
  5.   Belgia
  6.   Storbritannia
  7.   Nederland
  8.   Israel
  9.   Makedonia
  10.   Moldova
  11.   Georgia
  12.   Sverige
  13.   Armenia

Artistar som har delteke tidlegareEndra

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Feminnem   Kroatia 2005   Bosnia-Hercegovina 079 14 X X
Niamh Kavanagh   Irland 1993   Irland 187 01 X1 X1

FotnotarEndra

1.^ Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra