Forskingsstasjon
Forskingsstasjon er anlegg der ein kan utføra vitskapleg innsamling, observasjon, analyse og eksperiment over tid.[1] Ein slik stasjon er laga med forsking som hovudføremål. Det finst mange ulike typar forskingsstasjonar som biologiske feltstasjonar, polstasjonar, romstasjonar osb.[2] Ein kan ha stasjonar på aude stader i verda, i havet og i verdsrommet, som den internasjonale romstasjonen.
Biologiske forskingsstasjonar blei fyrst skipa på same tid som europeisk kolonisering og imperialisme fann stad, og naturforskarar fekk i oppdrag å studera flora og fauna.[3] I dag blir dei også drivne av ei rekkje organisasjonar som kan omfatta fleire verdsdelar, som Organization of Biological Field Stations og Organization for Tropical Studies.[4]
Romstasjonar blei utvikla over fleire tiår gjennom vitskapleg analyse og skriving, med dei fyrste designdelane av tidlege romstasjonar innførte av Herman Potočnik i 1928.[5] Sidan har konstruksjon og oppskytingar av romstasjonar vore både nasjonale og internasjonale arbeid, med samarbeid som har ført til ulike design-filosofiar i viktige romstasjonar som Den internasjonale romstasjonen (ISS).[6] På same vis er forskingsstasjonar i Antarktis bygde for å sikra at dei er godt isolerte mot temperaturar under nullpunktet, med mange utviklingar over åra for å overvinna problem knytte til snøfonner, tilkomst og rusting.[7]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Wyman, Richard L.; Wallensky, Eugene; Baine, Mark (2009). «The Activities and Importance of International Field Stations». BioScience 59 (7): 584–592. ISSN 0006-3568. doi:10.1525/bio.2009.59.7.9.
- ↑ McGill Arctic Research Station|McGill Arctic Research Station (M.A.R.S.). Dale T. Anderson, Centre for the study of life in the universe. Retrieved April 11, 2015
- ↑ Mäki, U., & Walsh, A., & Fernández Pinto, M. (2017). Scientific Imperialism: Exploring the Boundaries of Interdisciplinarity. Routledge. s. 140–143. ISBN 978-0367889074.
- ↑ Burlingame, Leslie J. (June 2002). «Evolution of the Organization for Tropical Studies». Revista de Biología Tropical 50 (2): 439–472. ISSN 0034-7744.
- ↑ Potočnik, Herman; Rok Podgrajšek; Andreja Alt; Narvika Bovcon, Formatisk (2010). The problem of space travel : the rocket motor (2nd ed. of English translation utg.). Ljubljana: KSEVT. ISBN 978-961-92999-1-3. OCLC 821104101.
- ↑ Kitmacher, Gary H. (19 October 2002). «Design of the Space Station habitable modules» (PDF). 53rd international astronautical congress: 10–19.
- ↑ Broughton, Hugh (11. juli 2010). «Antarctic Research Stations: Parallels for Interplanetary Design». 40th International Conference on Environmental Systems (på engelsk) (Barcelona, Spain: American Institute of Aeronautics and Astronautics). ISBN 978-1-60086-957-0. doi:10.2514/6.2010-6106.
- Denne artikkelen bygger på «Research station» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2022.