Four Sticks
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
A-side

«Rock and Roll»

Språk engelsk
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971
Sjanger Hardrock
Lengd 4:44
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Black Dog» / «Misty Mountain Hop»
(1971)
Four Sticks «Over the Hills and Far Away» / «Dancing Days»
(1973)


«Four Sticks» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå det fjerde albumet deira, frå 1971. Tittelen kom av at trommeslagar John Bonham spela med to set trommestikker, totalt fire.[1] Årsaka til at han spela med fire stikker kom av at han at var frustrert fordi han ikkje klarte å få det heilt til under innspelinga i Island Studios. Etter å ha teke to stikker til og slå på trommene så hardt han klarte, spelte han inn det perfekte opptaket som dei sidan nytta. Songen var særleg vanskeleg å spele inn og dei nytta fleire forsøk enn vanleg.[1] John Paul Jones spelar ein VCS3-synthesizer på songen.[1]

Gitarist Jimmy Page sa ein gong om songen: «Han var meininga å vere abstrakt.» Den abstrakte kjensla vert forsterka av den uvanlege taktarten med riff i ei blanding av 5/8 og 6/8. Etter eit mislukka forsøk under innspelinga starta Bonham å spele trommer på ein annan song og Page starta å spele eit improvisert riff ut av frustrasjon. Riffet utvikla seg sidan til ein annan song på albumet, «Rock and Roll».

Songen vart spelt inn på nytt av Jimmy Page og Robert Plant med Bombay symfoniorkester i 1972, under ei reise til India, i tillegg til ein annan song, «Friends» frå Led Zeppelin III.[2] Denne versjonen inneheldt tablatrommer og sitarar. Innspelingane er aldri gjevne ut offisielt og finst berre på piratkopialbum.

Bandet skal berre ha spela songen på konsert ein gong, i København i 1971.[1]

I 1994 spela Robert Plant og Jimmy Page i lag som Page and Plant. I august dette året spela dei inn songen med egyptiske og marokkanske musikarar. Denne versjonen finst på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded.

Robert Plant har spelt songen under soloturneen sin i 2005, noko som finst på DVD-utgjevinga Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • 2007: Sones de México Ensemble Chicago (Esta tierra es tuya (This Land Is Your Land))
  • 2007: MIDIval Punditz (Backspin: A Six Degrees 10 Year Anniversary Project)
  • 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: The Nowtet (The Nowtet Plays Zep!)
  • 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: Led R (Led the R Out: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Alec Haavik Friction Five (Ye Shanghai!)
  • 2009: Hampton String Quartet (The Hampton Rock String Quartet: All Zeppelin)
  • 2010: Soulfly (Omen)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Liner notes to Led Zeppelin Box Set, Vol. 2 av David Fricke