Fouta Djallon, òg kjent som Futa Jallon, er eit høgland i sentrale Guinea. Høglandet har senter i prefektura Labé og Dalaba, men omfattar òg Télimélé, Mali og Tougué.[1]

Fouta Djallon
høgland
Utsyn over Fouta Djallon
Land  Guinea
Kart
Fouta Djallon
11°19′3″ N 12°17′23″ W
Wikimedia Commons: Fouta Djalon

Mange store vestafrikanske elver har utspring i Fouta Djallon, og området er derfor blitt kalla «vasstårnet til Vest-Afrika». Dei største av elvane som har opphavet sitt her er Senegalelva, Gambiaelva, Nigerelva, Rio Corubal, Great Scarcies og Little Scarcies. Elvane er i sin tur viktige vasskjelder for fleire land i Vest-Afrika: Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Mali, Mauritania, Niger, Sierra Leone og Senegal.[1] Nigerelva renn òg gjennom Nigeria, der ho har deltaet sitt.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Wilson, Ibrahim Babatundé, Dédéou Touré, Mahamane, Bazoun, Janvier, Fraval, Pierrick, Bea, Sylvestre, Davy, Thierry, Moutouama, Fidele Tchossi: Fouta Djallon Highland Water Atlas : The Water Tower of West Africa, 2017-06-01. 
  2. «Niger - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 12. september 2022.